Det vesle, unnselege skiltet til høgre på bankbygget i Seljord fortel at her finst ein statleg serviceinstitusjon. Til sommaren er det slutt. Dei fire tilsette ved skattekontoret i Seljord har fått tilbod om ny arbeidsstad ved kontoret i Bø.
Det vesle, unnselege skiltet til høgre på bankbygget i Seljord fortel at her finst ein statleg serviceinstitusjon. Til sommaren er det slutt. Dei fire tilsette ved skattekontoret i Seljord har fått tilbod om ny arbeidsstad ved kontoret i Bø.

Skattekontoret i Seljord blir nedlagt

Ein gong hadde kvar kommune i Vest-Telemark sitt eige likningskontor. Til sommaren forsvinn det siste.

Fire personar arbeider no ved skattekontoret i Seljord. Kontoret har ingen leiar, men blir leia frå kontoret i Bø. 1. juni stenger Seljord-kontoret for besøk av publikum. Dei fire tilsette, som i hovudsak arbeider med fastsetting av skatt for lønstakarar, pensjonistar og personleg næringsdrivande for heile landet, skal ha tilhald i lokala i bankbygget i Seljord fram til 1. mars neste år. Ifylgje avdelingsdirektør i Skatteetaten, Elisabeth Fischer, har dei fire fått tilbod om ny arbeidsstad ved skattekontoret i Bø.

To att i Telemark

Nedlegginga av Seljord-kontoret er ein lekk i gjennomføringa av ny kontorstruktur i Skatteetaten etter at Finansdepartementet i fjor haust gav Skattedirektoratet fullmakt til å gjennomføre ei slik reform. Resultatet er ei halvering av talet på kontor på landsbasis, frå 103 til 57 kontor. Alle kontor som blir nedlagde stenger for publikum 1. juni i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når skattekontoret i Seljord no blir lagt ned, blir det berre att to kontor i Telemark; Bø og Skien.

– Skatteetaten sine digitale og automatiserte tenester gjer at berre eit fåtal no oppsøkjer eit skattekontor for å levere skattemelding eller for å få hjelp med skattespørsmål. Men skattepliktige kan ta kontakt med kva som helst skattekontor i landet for å få hjelp, blir det opplyst frå den statlege etaten.

Arbeidsplassar forsvinn

Førre skattekontoret som blei lagt ned i Vest-Telemark var Vinje. Det skjedde i fjor sommar.

– Den gongen sa Skatt sør opp avtala med leige av lokala og la ned kontoret. Det var uavhengig av kontorstruktur, men blei gjort med bakgrunn i ei vurdering av Skatteetatens tenestetilbod og krava til effektiv drift, informerer Fischer.

Kor mange arbeidsplassar som totalt har forsvunne i Vest-Telemark etter at skattekontor for skattekontor har blitt lagde ned, greidde ikkje avdelingsdirektøren å finne ut i går.