Aktivitetsavdeling aukar livskvaliteten
Med ei svært så aktiv aktivitetsavdeling ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter er målet å auke livskvaliteten til brukarane heilt opp til den høgste alder. Kommunen har sett i verk eit bevisst tiltak for at folk ikkje skal vere passive. Satsinga gjev gevinst for fleire partar.
Mot slutten av 2003 etablerte Fyresdal kommune ei aktivitetsavdeling med hovudbase ved pleie- og omsorgssenteret (POS). Avdelinga er open for dei som ynskjer å stikke innom, så som heimebuande eldre, funksjonshemma, rehabiliteringspasientar og bebuarar ved POS. Interessa aukar stadig for aktivitetstilbodet med svært mykje variert innhald. Det er ikkje uvanleg at over 30 personar er samla på eit av dei mange tiltaka ein kan velje i.
Formålet med aktivitetsavdelinga er eit friskt fokus, og at brukarane skal både få oppretthalde og betre nettverket sitt. Kommunen har sett i gang eit bevisst tiltak for at folk ikkje skal vere passive. Avdelinga er eit førebyggjande tiltak for å stimulere til eigen aktivitet. Resultatet er høgare livskvalitet, eldre vil klare seg betre sjølv og kan bu heime lengre. Og med aktivitetsavdelinga blir tilsette i kommunen bruka meir effektivt. Me slepp mellom anna å reise rundt og ha tilsyn når ein del personar heller er på aktivitetsavdelinga og får oppfylging på mange måtar, seier Rita Metveit, leiar på aktivitetsavdelinga og Vivi Amstrup Nielsen, pleie- og omsorgsleiar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aktivitetar etter ynskje
Det er stor aldersspreiing på alle dei som nyttar seg av aktivitetsavdelinga dei kan kome til mellom anna ved å bestille transport utført av friviljuge eller bruke fellestransporttenesta. Under aktivitetane er det fokus på kva brukarane kan, noko me blir fortald gjev god sjølvkjensle for dei.
Før avdelinga blei starta blei det gjennomført ei brukarundersøking med høg svarprosent. Me fekk ei aha-oppleveing då me såg at folk ville ha andre tilbod enn det me trudde. Mange av aktivitetane er lagt opp etter ynskje frå svara, fortel Metveit og Amstrup Nielsen.
Dei alle fleste bebuarane på POS deltek på ein eller annan måte i aktivitetsavdelinga. Elles er det ein auke no blant friske eldre i kommunen som byrjar å engasjere seg meir i tilbodet.
Avdelinga samarbeider mellom anna med friviljuge lag og foreiningar, kulturskulen, skulen, eldrerådet og enkeltpersonar.
Samarbeidet med andre for å ha ulike tilbod har lykkast veldig bra, og me vil gjerne ha med fleire. For slikt er ein viktig del av tiltaket. Dessutan er det viktig å ha med eldre i planlegginga og gjennomføringa, seier Metveit og Amstrup Nielsen.
Her på pleie- og omsorgssenteret får ikkje dei eldre lov til å sitte kur stille ein einaste dag, undrar bladfyken.
Nei, dei påstår det, skøyar Metveit.
Me er veldig opptatt av at dei ikkje skal vere passive, men det er ikkje slik at dei må gjere noko. Elles vil eg presisere at det sosiale er svært viktig på aktivitetsavdelinga, avsluttar Metveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko for kvar smak
På aktivitetsavdelinga ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter er det mellom anna faste dagar i arbeidsstoga. Der blir det laga trearbeid, vevde puter og løparar, strikka ullsokkar og vesker, for å nemne noko. Produkta går unna som varmt kveitebrød, og inntektene går tilbake til avdelinga. Vidare blir det gjennomført bakedagar.
I fjor var 22 friviljuge aktørar innom avdelinga med ulike kulturinnslag. Eldrerådet stiller opp til dømes som medhjelparar på turar. Vidare er det sittetrim etter musikk kvar tysdag, eit populært innslag. I tillegg inviterer fysioterapeuten brukarane med på trim to gonger i veka.
Ein dag i månaden dukkar Krossli-musikken opp med underhaldning. Andre musikkinnslag kjem frå Telemarkkonsertane, lokale musikarar og elevar ved kulturskulen. Dessutan har organisten i kommunen minikonsertar med kjempepopulær musikk som dei på aktivitetsavdelinga hugsar att og storkosar seg med. Elles er det fredagskafè med mellom anna hjernetrim, bowling og pilkast, og seinare på dagen er det høgtlesing frå ei bok.
Avdelinga er veldig opptatt av å vektleggje sosialt samvær.