Vesttele sentral i bronsekampen
Telemark og Vestfolds lag i skikyting gjekk sundag inn til ein knallsterk tredjeplass i NM i miksstafett. Even Nordbø frå Fyresdal var sterk delaktig i bronsemedaljen.
– Even Nordbø gjekk ei kjempeetappe som ankermann for Telemark og Vestfold. På siste ståande skyting måtte han bruke to ekstra skot, men rekruttlandslagets Sindre Pettersen og juniorlandslagets Johannes Dale måtte båe ut i strafferunde. Even gjekk ut som nummer tre og han heldt unna heilt til mål, fortel Nina Ettestad Herfoss til VTB.
På laget elles gjekk Ida Emilie Herfoss frå Drangedal og Hogne Findal Skar frå Sannidal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godt utgangspunkt
– Kviler du på laurbæra og bronsemedaljen no?
– Vel, eg har i alle fall teke det roleg i dag, svarar fyresdølen.
Han fortel at både Herfoss og Skar gjekk særs gode etappar, og at han sjølv var ganske nervøs på siste ståande skyting.
– Det er vel nesten fyrste gongen i år at eg har vore skikkeleg nervøs. Dei gav meg og laget eit godt utgangspunkt ved å veksle som nummer tre før siste etappe. Eg vedgår at eg var litt redd for å skusle bort medaljesjansane. Me var fire lag som kjempa om sylv og bronse, og derfor var det godt å behalde pallplassen i mål, fortel Nordbø til VTB.
Legg opp
Men etter sesongen er det slutt på satsinga for den gode skiskyttaren. Han vel studieplass framfor standplass dei neste åra.
– Eg må tenkje utdanning, og eg har planar om å studere på Sørlandet, helst i Kristiansand, frå hausten av. Mange av venene mine held til der, og det er også kort veg heim til Fyresdal om eg skulle få lyst på mammas kjøtkaker, ler han.