Saamund Gjersund og Gunhild Slyngstad (båe Bygdelista), Mona Fillingsnes (Sp), Olav Gisle Noraberg (Ap) og Aslak Snarteland.
Saamund Gjersund og Gunhild Slyngstad (båe Bygdelista), Mona Fillingsnes (Sp), Olav Gisle Noraberg (Ap) og Aslak Snarteland.

Kommunale tilskot gav fjøsinvestering

Eit godt totalbidrag frå næringsfondsstyret i Fyresdal har ført til ny driftsbygning og endå meir satsing på telemarkskyr på garden til Aslak Snarteland.

Sidan 1995 har Aslak Snarteland ått og drive garden Snarteland ikkje langt unna Fyresdal sentrum. Sidan overtakinga har bonden satsa jamt på oppbygging av ressursane på eigedomen. I tillegg til 270 dekar med eiga jord, blir det leigd totalt 179 dekar.

Snarteland har ein del vinterfôra sauer, men driv i hovudsak med mjølkeproduksjon og satsar stort på telemarkskyr. I fjor tok han eit endeleg val om å utvide med millioninvestering i nytt fjøs. Samla kostnad for driftsbygningen blei rekna til 4,8 millionar kroner. Av desse skulle 3,585 millionar gå til råbygget inkludert røyr- og elektrisk arbeid, medan resten ville gå med til faste installasjonar og innreiing i fjøset.

Artikkelen held fram under annonsen.

1,5 millionar i tilskot

I fjor gav Innovasjon Noreg investeringsstønad på 750.000 kroner til driftsbygningen, i tillegg til eit lån på 2,9 millionar kroner. Politikarane i næringsfondsstyret i Fyresdal tok også på seg spanderbuksene, og pløgde inn 600.000 kroner til investeringa i råbygget. I løyvingsmøtet blei det i tillegg signalisert at Snarteland i 2010 kunne sende ny søknad om tilskot til resten av satsinga. Politikarane såg føre seg eit tilskot på totalt 750.000 kroner over dei to åra.

– Fyresdal kommune har stor tru på landbruket, og vel å fylgje opp med verkemiddel direkte retta mot miljøet. Satsinga til Snarteland er særs positiv for landbruksnæringa i kommunen, og i tråd med den kommunale landbruksplanen. Satsinga får mykje merksemd i fagmiljø lokalt og regionalt, og har alt hatt ein særs positiv innverknad på næringa lokalt i form av optimisme og investeringsvilje. Snarteland bør få eit investeringstilskot på 150.000 kroner for sluttfinansiering av ny driftsbygning, innstilte rådmannen overfor næringsfondspolitikarane i førre veke.

Saka sklei rett igjennom, etter at det blei slått fast at kommunen gav eit godt bidrag til kjempeinvesteringa på garden.

– Utan den gode støtta frå kommunen hadde denne fjøsinvesteringa ikkje vore realistisk, seier ein stornøgd Aslak Snarteland til VTB.

112.828 kroner til mjølkekvote

Næringsfondsstyret i Fyresdal gjev Aslak Snarteland eit tilskot på 112.828 kroner til kjøp av mjølkekvote på til saman 64.473 liter. Pengesummen er rundt halvparten av det som bonden må betale for å sikre seg ekstrakvoten.

Snarteland har ein mjølkekvote på 123.646 liter, og har fått innvilga kjøp av tilleggskvote på 18.815 liter frå Statens Landbruksforvalting. I tillegg har fyresdalsbonden handla privat kvote på 45.658 liter frå Trygve Aasan i Seljord. Dermed får Snarteland ein totalkvote på 188.119 liter.