Disponerer 1 500 utleigesenger
Etter å ha brukt ti millionar kroner på å byggje leilegheiter i tidlegare Vrådal hotell, disponerer Straand invest AS no 1 500 utleigesenger.
Straand invest AS er eigd av Straand-familien i Vrådal. Selskapet driv i dag mellom anna Straand hotell, Vrådal hyttepark, Vrådal booking og turistbåten Fram. I 1987 kjøpte selskapet Vrådal hotell. Drifta der blei lagt ned i 2010.
– Me stengte hotellet fordi marknaden endra seg, og det var ikkje behov for to fullservicehotell i Vrådal. Dessutan trengte hotellet renovering, seier Johan S. Straand, styreleiar i Straand-selskapa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter stenginga prøvde ein i fem år å få til ulike prospekt og ting og tang i bygget.
– Ingen ting ville lykkast, og me fekk ikkje til noko saman med andre partnarar. Me måtte gjere noko, elles blei det eit spøkelseshus. Etter ein god dialog med Petter Johnsen blei det til at me gjekk for å byggje om hotellet til utleigeleilegheiter, seier Straand.
Reinvesterer
Etter ombygging i over eitt år stod 150 utleigesenger klare for bruk. Tre og tre hotellrom hadde blitt til totalt 28 store leilegheiter med alt av utstyr ein treng på kjøkkenet, bad med dusj og toalett, stoge, TV og trådlaust internett. Totalkostnaden for investeringa kom på ti millionar kroner.
– Den tida bygget var akuttmottak for flyktningar hjelpte bra for økonomien til prosjektet?
– Ein periode hadde med fullt belegg som var med og gav inntekt. Uansett i Straand-selskapa – har me overskot blir det reinvestert i anlegga me har. Fordi me tenkjer langsiktig, svarar Straand
I leilegheitsbygget har dei behalde og pussa opp fellesareala.
– Bygget eignar seg godt til selskap og grupper. Her kan til dømes bygdefolk leige fellesareal. Er det snakk om større arrangement enn ein har sengekapasitet til i bygget, kan ein i tillegg bruke hotellet, seier Straand.
Det er mellom anna ein matsal som ein kan dele i to, og totalt har arealet der plass til 150 personar. Vidare har ein tatt vare på selskapslokalet «Riddersalen».
Artikkelen held fram under annonsen.
Leigetakarane kan anten sjølv nytte kjøkkenet i bygget til å lage mat ved tilstellingar, eller bestille servering frå Straand hotell.
Er marknad
Jesper Aagaard er direktør i Vrådal booking og medeigar i denne utleigeverksemda. Han fortel at ein til no mellom anna har hatt leirskulekonsept for danskar, orienteringstreff og studentfest i Vrådal ferieleilegheiter. Dessutan er det eit godt samarbeid med Dyrsku’n.
– Her er utruleg mange moglegheiter. Det er bare fantasien som set avgrensingar for bruken av bygget, seier Aagaard.
Han legg til at det er eit samarbeid i Vrådal for å gje leigetakarane tilbod om ulike aktivitetar i bygda.
Leilegheitene stod eigentleg klare i fjor, men ein har brukt det siste året på å få det nye konseptet til å fungere og få det inn i marknaden.
– Det er ein marknad for bygget, seier Aagaard.
Offensiv aktør
Siste halvtanna året er det også brukt 2,5 millionar kroner på å gjere Straand hotell endå trivelegare. Alle rom har fått ny belysning og nye tekstilar.
– Me har nytta Grindberg i Kilegrend, det er viktig å bruke dei lokale, seier Straand.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare har det mellom anna kome nytt fryserom på hotellet, nytt tak på terrassen og nye utemøblar.
Ei anna stor investering nyleg er etablering av eit nytt bookingsystem, der alle selskapa i Straand invest AS er på same plattform.
Totalt disponerer Straand-selskapa no 1 000 senger i Vrådal og 500 på Hovden.
– Me aktar å vere ein offensiv aktør innafor reiselivet i regionen og fylket, slår Straand fast.