På kontordøra til dagleg leiar Håkon Holtskog i omstillingsprosjektet er det ein lapp som viser målet om 40 nye arbeidsplassar. Den fyrste plassen er alt kryssa av for.
På kontordøra til dagleg leiar Håkon Holtskog i omstillingsprosjektet er det ein lapp som viser målet om 40 nye arbeidsplassar. Den fyrste plassen er alt kryssa av for.

Skal hjelpe med 40 nye arbeidsplassar

Som dagleg leiar i omstillingsprosjektet i Fyresdal har Håkon Holtskog god tru på at ein innan seks år har 40 nye arbeidsplassar i bygda. Til sommaren blir det igjen produksjon i bygget kommunen nyleg kjøpte på industriområdet.

Fyresdal har fått millionar i omstillingsmidlar for å auke talet på arbeidsplassar dei neste seks åra. Eit omstillingsstyre, med ordførar Erik Skjervagen som leiar, har vedteke eit mål om 40 nye årsverk totalt, og har tilsett Håkon Holtskog frå Skien som dagleg leiar i omstillingsprosjektet for å få hjelp med satsinga.

– Me leigde eit rekrutteringsselskap som fekk klar beskjed; finn rett person. Dei leverte oss tre namn, men den eine personen trekte seg. Holtskog er tilsett for tre år, og får ytterlegare tre år om det blir bra resultat i omstillingsarbeidet, seier Skjervagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Holtskog kjem frå ein gamal kjøpmannsfamilie. I 2007 fall valet på å selje dei to sportsbutikkane i Skien. Holtskog tok då over som sjef for Plantasjen i Skien, og etter å ha fått meir fres på den verksemda, gjekk han til Hus og Hyttebygg som dagleg leiar. Siste åra og fram til august var han jobbkonsulent for Nav, og reiste rundt i Telemark, Buskerud og Vestfold for å hjelpe folk tilbake i arbeid.

Blei innbyggjar

– Eg var bestemt på at eg heller ville jobbe med forretning/verksemd og hjelpe folk til å lykkast med det. Eg såg ein annonse eit firma hadde lagt ut om dagleg leiar i omstillingsprosjektet i Fyresdal. Då kontakta eg firmaet, fordi eg er oppteken av oppgåver der det er målsetting, handlingsplan og strategi for omstilling. Eg blei imøtegått med interesse, og her sit eg i dag, seier Holtskog, når me møter han i kommunedelen av næringshagen i Fyresdal.

Holtskog byrja i den nye jobben 28. august, og i starten fekk han mellom anna høyre at folketalet i Fyresdal er 1340.

– Eg svara at det er feil, fordi eg flytter til kommunen og då er det 1341 innbyggjarar, seier han med eit smil.

I Skien er Holtskog nabo med Jostein Waskaas, dagleg leiar i kurs- og leirstaden som pinserørsla eig i Fyresdal. Holtskog leiger ein av leilegheitene der.

– Eg har meldt flytting til Fyresdal, og er nøydd til å vere her ein del helger også for å kome «under huda» på folk. Eg må jo bli ein del av fyresdølane – det er viktig.

Så fortset han:

– Eg har blitt tatt veldig godt imot i bygda, og folk her tør tenke annleis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stiftar selskap

Som nemnt er Holtskog i utgangspunktet tilsett i omstillingsprosjektet i tre år.

– Eg må levere for å kunne vere i jobben dei neste tre åra også. Me har alt mykje spennande på gang, seier Holtskog.

Hausten 2015 kom det varsel om at den mekaniske verksemda IKM maskinering på industriområdet Molandsmoen i Fyresdal skulle leggast ned, og dermed mista 15 personar jobben. Tidlegare i år vedtok kommunestyret å kjøpe bygningsmassen, og det har blitt jobba med å få til ny aktivitet der.

– Viss alt går som det skal blir det drift i IKM-bygget til sommaren. Ein held nå på å stifte eit selskap eigd av ulike aktørar. I starten blir det ikkje så mange arbeidsplassar, men på sikt kan det bli ein del, seier Holtskog.

– Kva skal den nye verksemda drive med?

– Det er nyutvikla produkt som vil ha stor betyding for miljøet. Eg kan ikkje seie meir nå enn at det gjeld gjenvinning av farleg avfall, svarar Holtskog.

– Eg er sikker på at det blir noko av den verksemda. Det bør vere kjøparar på alt ein skal produsere der, men så er det det med pris, fortset han.

Stø næringslivet meir

Holtskog har alt fått med seg at det er mange flinke handverkarar i Fyresdal. Så kjem han inn på eit felt bygdefolk kunne bli flinkare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei bør stø meir opp om det lokale næringslivet – generelt alle bedriftene i Fyresdal. Skal me lykkast med 40 nye arbeidsplassar, klarer me ikkje det aleine med ny drift i IKM-bygget. Me må i tillegg ha lønsame lokale bedrifter. Det er ikkje feil å tene pengar, og bedrifter som går bra skapar liv, røre og vekst. Det har så stor betyding for lokalsamfunnet. Og me må få fram at næringslivet i Fyresdal er konkurransedyktige.

Om ein lykkast med målet om 40 nye arbeidsplassar, betyr det også auke i innbyggjartalet.

– Me må jo importere innbyggjarar, og eg har mellom anna tenkt å dra til den vidaregåande skulen på Dalen for å rekruttere til dømes mekanikarar. Elles trur eg 40 nye arbeidsplassar er eit litt lågt tal. Her skal me sjå på moglegheitene framover – me kallar det utfordringar og ikkje problem. Hovudmålet mitt er 40 arbeidsplassar. Lykkast ein med dette, blir det også ein fin auke i folketalet, avsluttar Holtskog.

14 millionar til omstillingsarbeid

Svak folketalsutvikling og langvarig nedgang i talet på arbeidsplassar er årsakene til at Fyresdal er blitt omstillingskommune.

Over ein seksårsperiode kan midlane til omstillingsarbeidet i Fyresdal kome opp i ein sum på minst 14 millionar kroner. Av statlege midlar har Telemark fylkeskommune vidaresendt 1,6 millionar kroner til Fyresdal i år. Dei neste fem åra er det tenkt ytterlegare 10 millionar statlege kroner.

Kommunen må inn med sin del for å få løyst ut dei statlege pengane, og dermed ligg det an til at kommunestyret må løyve 2,5 millionar kroner totalt til satsinga ut 2022.

Ein del av midlane vil gå til å løne ein dagleg leiar av omstillingsarbeidet i 100 prosent stilling. Leiaren skal drive med utviklingsarbeid på ei rekkje prosjekt.

Resten av omstillingsmidlane kan omstillingsstyret bruke til andre ting, men ikkje fysiske investeringar eller drift.