Skal lokke med kortferietilbod
20-års jubilanten Telemarkreiser og reiselivsnæringa i fylket vil satse på kortferietilbod for å stoppe nedgangen av turistar. Næringa hadde suksess med denne vinklinga i sommar under eit forsøk på å kapre turistar i ein stille periode.
Telemarksreiser (TR) har eksistert i 20 år, selskapet som marknadsfører reiselivsbedriftene og skaffar turistar til fylket. TR er eit av dei eldste destinasjonsselskapa i Noreg.
Det er litt unikt. Men det er ikkje bare selskapet si ære at me har overlevd lenger enn mange andre. Alle kommunane i Telemark og fylkeskommunen gjev TR pengar til felles marknadsføring. Slike faste inntekter er eit viktig moment for at me har klart å leve i 20 år. Me må også takke reiselivsnæringa for at me eksisterer. Dei står saman som eit fellesskap i marknadsføringa, spesielt i utlandet men også i Noreg, seier Marie Bergsli, dagleg leiar i TR.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho fortel at mange misunner det gode fellesskapet reiselivsnæringa og TR har. Sjølv om det er rom for å stå saman i marknadsføringa, er det sjølvsagt også konkurranse bedriftene imellom om gjestene.
Tøff marknad
Midt i dette sel TR turar og opphald til reisemål i Telemark. Men selskapet prøvar å vere ein nøytral part og skal ikkje føretrekkje ei verksemd før andre.
Me må vere presise og lytte til kva kunden vil. Ynskjer ei bedrift tilbod, sender me alltid minst tri ulike. Skal nokon nytte Telemarkskanalen gjeld det å fortelje om alle hotella på strekninga, seier Bergsli.
Ho har ikkje tal på kor mange turistar som er innom TR i løpet av eitt år. Men det finst tal på kor mange som nytta båtane Henrik Ibsen, Victoria og Telemarken denne sesongen. 45.000 valte å ta kanalbåtane, ein nedgang på 10 prosent frå i fjor.
Oppsluttinga er skuffande og heng saman med at talet på gjester i Noreg har hatt tilbakegang i år. Norske reiselivsprodukt har ein tøff marknad med å få nordmenn til å feriere i eige land. Mange vel utlandet i staden, fortel Bergsli.
I mai og juni såg TR at det var mange ledige reiselivstilbod i fylket. På kort tid fann selskapet og eit reklamebyrå ein idé for å rette på stoda. Reiselivsbedriftene blei einige om ein felles pris til gjestene. TR fekk samarbeid med Sommarland i Bø, kanalbåtane, hulderteateret på Gautefall og Skjærgården badepark. Ein kampanje med tilbod om pakkeferie totalt på to-tri dagar gjekk ut i postkassene til 150.000 heimar på Vestlandet og i Akershus. I denne perioden hadde TR rekordbesøk på eiga nettside. Ein dag var 3.500 personar innom sida. Vanleg tal om sommaren er rundt det halve.
Ny satsing
Ingen i Noreg har gjort eit tilsvarande opplegg med kortferie-pakker. Me selte mykje meir enn me hadde venta. På 14 dagar blei det omsett for 450.000 kroner. Me fekk 1.400 gjestedøgn og besøk fordelt på store og små attraksjonar. Det er slike kortferietilbod me vil jobbe meir med, og kanskje lagar me ei pakke alt denne vinteren, seier Bergsli.
For reiselivsnæringa er nøydd til å endre kursen for å få fleire turistar. Det viktigaste målet TR og næringa er samde om framover, er at Telemark skal satse på kortferietilbod.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slike typar oppgåver er styrken til TR. Me er koordinerande slik at også små bedrifter kan bli synlege, skyt Bergsli inn.
Det er ikkje bare reiselivsbedrifter i Telemark som har hatt det trongt i år. Men på andre sida av landegrensa har Sverige hatt ein kjempesommar, registrerer Bergsli. Ho trur prisnivået gjer at søta bror har stukke av med gevinsten.
Må ha god service
Elles i framtida er Bergsli oppteken av å etterutdanne dei som jobbar innan reiselivet, ha servicekurs og kurs for mellomleiarar.
Me må utvikle både bedriftene og god service, og bli best i klassa. Då vel turistane kanskje Telemark før andre. 150 personar deltok på servicekurs i sommar for at dei skulle kome på eit visst nivå. Men her er det klart meir å hente. Bedrifter med dårleg service grev si eiga grav. Når marknaden er så tøff, må du vere på hogget for å få gjestene, meiner Bergsli.
Telemarkreiser har visjon om å bli den beste marknadsføraren av fylket. Men fyrst skal selskapet feire seg sjølv. Måndag er det klart for 20-års jubileum, mellom anna for dei ni tilsette i TR, alle damer.
Bare damer på ein arbeidsplass, går det bra?
Ja, men me har alltid ein mannleg sommarvikar. Han likar seg godt, han, avsluttar Bergsli med eit smil.
Telemarkreiser AL
Arbeidsgruppa for vidareføring av samarbeidet mellom turistbedriftene i Telemark hadde generalforsamling 20. oktober 1983. Det resulterte i at Telemarkreiser AL blei stifta same dagen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Selskapet er eit andelslag med 170 eigarar, alt frå kommunane i Telemark og fylkeskommunen til ulike reiselivsbedrifter. Avhengig av storleiken må ein betale inn frå 1.000 til 15.000 kroner for å bli med i Telemarkreiser. I tillegg kjem eit eingongsbeløp i oppstartingstilskot som er lik 100 prosent av andelskapitalen. Deretter kan bedriftene velje sjølve om dei vil delta i marknadskampanjar i inn- og utland. Eit døme er at Norges turistråd i Danmark og Color Line får pengar via Telemarkreiser frå reiselivsbedrifter som vil ha marknadsføring i dette utlandet.
Hovudoppgåva til Telemarkreiser er å marknadsføre fylket på vegne av reiselivsbedriftene, og skaffe flest mogleg turistar til Telemark.
Omset for 15,5 millionar
Telemarkreiser har kontor i Reiselivets Hus i Skien, og har ni tilsette, alle damer. Selskapet har i tillegg til marknadsavdelinga ei sal- og bookingavdeling. Denne sel opphald og turar til reisemål i Telemark, og er også generalagent for båtane Victoria, Henrik Ibsen og Telemarken på Telemarkskanalen. Omsettinga er på 11 millionar kroner.
Marknadsavdelinga lagar kvart år ein marknadsplan med ei rekkje små og store tiltak andelseigarane kan delta på. Avdelinga har ei omsetting på 4,5 millionar kroner.