Opnar aktivitetspark i Nissedal
Med stor dugnadsinnsats har Nissedal idrettslag bygd nytt nærmiljøanlegg i Kyrkjebygda.
– Dette er vel kanskje den finaste tomta i Nissedal, seier leiaren i Nissedal idrettslag John Thronsen fornøgd.
Etter mange timar med dugnad står nå den nye aktivitetsparken klar. Aktivitetsparken er i utgangspunktet ei treningsløype, men har også stor leikeverdi. 35 ulike personar har vore med på dugnaden med å få på plass aktivitetsparken.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er lett å få ja når ein spør om folk vil bidra. Og også dei som ikkje har barn lenger bidrar inn på dugnad for idrettslaget, seier Thronsen.
Alt samla på ein stad
Aktivitetsparken er ikkje det einaste dugnadsprosjektet Nissedal idrettslag har gjennomført. For nokre år sidan bygde dei skaterampe. Det er også ballbinge, sandvolleyballbane, fotballbane og styrketreningsrom på området nede ved Nisser.
– Me er veldig fornøgde med at me har fått samla alt på ein stad. Nærmiljøanlegget er ope for alle. Det ligg tett inntil Kyrkjebygda oppvekstsenter og kan brukast av skule og barnehage, men også av turistar og hyttefolk, seier Thronsen.
Det er Nissedal kommune som står som eigar av aktivitetsparken, som har ei kostnadsramme på 740 000 kr.
– Me har fått tippemidlar for 300.000 og bidratt med 100.000 frå klubbkassa til idrettslaget. Nissedal helselag har gitt eit av apparata og me har jobba dugnad for om lag 200.000, seier Thronsen.
Offisiell opning
Laurdag blir det konkurransar, musikk, skateshow og offisiell opning av det nye nærmiljøanlegget i Kyrkjebygda. Då kjem ordføraren, idrettskrinsen og fylkeskommunen. Laget har også invitert Jørgen Solberg frå Treungenfestivalen. Nissedal idrettslag har jobba dugnad på Treungenfestivalen i mange år, noko som har gitt gode inntekter til laget.
– Kva blir det neste prosjektet til Nissedal idrettslag?
– På sikt ynskjer me å flytte lysløypa opp i høgare terreng der det er meir snøsikkert. Også må me jobbe litt med fotballbanen. Kanskje me startar med det i år, det er ikkje umogeleg, seier leiaren av Nissedal IL.
Artikkelen held fram under annonsen.