Nå er mindre enn 2 prosent utan arbeid i Vinje
Arbeidsløysetala i Vest-Telemark nærmar seg normalnivå etter ein unormal vår.
Ferske tal frå Nav viser at arbeidsløysa i Vinje no er på 1,9 prosent (38 personar). På det meste etter at koronakrisa slo ut store delar av næringslivet var prosenten meir enn 13. I februar – før krisa – var talet 1 prosent.
Også dei andre kommunane i Vest-Telemark kan registrere at talet på ledige går nedover. Flest ledige er det i Kviteseid (48 personar/3,8 prosent).
Artikkelen held fram under annonsen.
Totalt i Vest-Telemark var 193 personar utan jobb ved utgangen av juni.
Ledige i Vest-Telemark
Seljord – 49 personar, 3,4 prosent (1,4 i februar, 9,7 i mars)
Kviteseid – 48 personar, 3,8 prosent (2,1 i februar, 10,0 i mars)
Nissedal – 18 personar, 2,3 prosent (2,2 i februar, 6,7 i mars)
Fyresdal – 15 personar, 2,3 prosent (1,5 i februar, 6,0 i mars)
Tokke – 25 personar, 2,2 prosent (1,4 i februar, 6,5 i mars)
Vinje – 38 personar, 1,9 prosent (1,0 i februar, 10,8 i mars)