Elizabeth (t.v.) og Martine Wisland gler seg til sommarsesongen opnar på brygga i Kviteseid i dag.
Elizabeth (t.v.) og Martine Wisland gler seg til sommarsesongen opnar på brygga i Kviteseid i dag.

– Me trudde ikkje det kom til å bli så populært

Drivarane av bryggjekafeen i Kviteseid er meir førebudde i år enn dei var for eitt år sidan.

– Rykta gjekk raskt blant båtturistane om at det igjen var ein serveringsstad i Kviteseid. Me tenkte aldri at det kom til å bli så stort, og hadde ikkje personell eller kapasitet. Me var heile tida litt på etterskot, seier Elizabeth Wisland.

– Men tilbakemeldingane var utrulege. Alle var så fornøgde, held ho fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med kollega Martha Irene Kleivstaul frå Elizabeth Mote og Margit M. Råmunddal i Kviteseid Rørhandel, starta ho i fjor sommar opp bryggjekafeen i Kviteseid. Alle tre gjorde det ved sida av full jobb.

– Me var frustrerte næringsdrivande som veit kor viktig ein serveringsstad i Kviteseid er, seier Wisland om bakgrunnen for etableringa.

Dei ville gje turistane noko meir enn is og pølse. Eit tilbod utover kafeen i sentrum, og starta difor opp på brygga. Dei bestemte seg 14 dagar før opning, og Wisland innrømmer at sommaren blei hektisk.

– Det blei ingen ferie …

– Men det er knallmoro med liv og røre, legg ho til.

– Korleis gjekk det med dykkar eigne butikkar?

– He, he. Evalueringa viste at omsetninga i enkelte butikkar i sentrum auka med 50 prosent i fjor sommar. Alle hadde auke, med unntak av Elizabeth Mote, seier ho.

– Så de ofra dykk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, du kan vel seie det slik, smiler ho.

– I år er me betre rusta! Eg håpar ikkje det blir så mykje dugnad.

Dei fekk sett opp nytt kjøken på dugnad, og hadde god hjelp av 10 ungdomar frå regionen. Wisland legg til at kommunen har vore svært positive. På brygga har dei også ansvaret for turistinformasjonen.  

Evalueringane etter fjorårssommaren saman med kommunen gav det klare svaret at tilbodet måtte halde fram. I dag opnar sommarsesongen på brygga, og kring 15 personar deler på å drifte kafeen gjennom sommaren.

– I år er me i rute, smiler Wisland.