Lid Byggland rauk i kvartfinalen i NM-sprinten
Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo måtte gje tapt i kvartfinalen etter at han gjekk vidare med 20. plass i prologen på torsdagens NM-sprint på Gåsbu. Johannes Høsflot Klæbo blei noregsmeister.
– Det var i grunn ein bra prolog. Ikkje heilt optimalt, men eg er sånn passe fornøgd. I kvartfinalen hadde eg bakglatte ski, og dermed fekk eg ikkje bruke styrken min i motbakkane. Det var litt surt, men det var ei grei gjennomkøyring i alle fall, seier han.
I prologen var han godt og vel 13 sekundar bak noregsmeister Klæbo. Lid Byggland blei sist i sitt kvartfinaleheat.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Klæbo går styggfort på ski, så det er lite å gjere med han, seier Lid Byggland.
– Kva blir det neste for deg?
– Eg skal gå 15 kilometer friteknikk i morgon, og så er NM over for meg for denne gongen, seier ein litt skuffa Torgeir Lid Byggland på telefon frå Gåsbu.