Jau visst er det liv laga i bygda
Lårdal har lagt bak seg eitt av dei tri åra der ein satsar på å få meir fart i bygda. Innbyggjarane har bestått fyrste del av småsamfunnsprosjektet med glans. Men dei må passe seg for gaupefella på den nye turstien.
Etter ein idédugnad i Lårdal vart det sendt søknad om midlar til eit småsamfunnprosjekt kalla Lårdal Liv Laga. Resultatet blei at Tokke kommune, fylkeskommunen og Kommunal- og regionaldepartementet løyvde 2,2 millionar kroner totalt til satsinga.
Prosjektet er for å få meir fart på bygda, heilt klart, seier fungerande prosjektleiar Karl Torstein Hetland til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prosjektet varer i tri år. Laurdagskvelden var det samling i bygda for å oppsummere det ein hadde fått til i 2008, det fyrste økonomiske året i perioden. I tillegg ynskte ein nye idear som kan jobbast med framover.
Det vart laga mat med tanke på at ein kanskje ville bli opp mot 60 personar, men gledeleg kunne ein registrere at det møtte langt fleire i bygda med rundt 250 innbyggjarar.
Mange grupper
Småsamfunnsprosjektet har hatt sju ulike grupper i arbeid. Arrangementsgruppa fekk i stand Lårdalstigen, ein tur dei kallar «Tøffare enn Besseggen». 200 personar var med på opningsturen på stien mellom Lårdal og Dalen. Truleg gjekk 1.000 personar ruta sist sommar, ein tur det er mogleg å avslutte med å ta kanalbåten tilbake til utgangspunktet.
Eit anna interessant tiltak var igangsettinga av NM i å kaste på stikka. 80 deltakarar fyrste gongen kunne velje mellom tri øvingar, og det var laga til 60 banar.
Me satsar på ei dobling av deltakar i år, og har plass til 600, sa Hetland på laurdagens bygdemøte.
Kulturlandskapsgruppa har hatt som hovudmål å halde oppe dyrka mark i bygda, i tillegg til å rydde fram gamal kulturmark som er viktig for heilskapen i kulturlandskapet i Lårdal. Det blir jobba med å få betre utsyn i viktige område, og ein har hatt fagdag om bioenergi og utstyr.
Planen for 2009 er dugnad på stader for å skape meir trivsel og miljø, og arbeide for å leggje til rette for beitedyr.
Fyrste ungdomsklubbkvelden
Turgruppa har rydda og merka ein tursti. Merkinga er gjort på ein naturvenleg og spesiell måte ved at det er plassert ut strikketøy. Planen framover er å lage ein natursti og også få ut benkar på turvegstrekninga som mange nytta i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit anna tiltak som ventar er å stelle opp ei hytte som ligg langs Lårdalstigen, slik at bygdefolk kan bruke fritidsbustaden.
Vassfrontgruppa har fått sett ut vasstrampoline og vassklie. Planen vidare er å lage eit større plenområde, få leikeapparat ved stranda og skjerme ho meir for båttrafikk. Vidare er det håp om at utegrillen i naturstein er ferdig til årets grillsesong startar. Sandvolleybanen er nesten ferdig, medan ein har lagt på is å restaurere sjøbui utvendig. Kostnadsoverslaget for det arbeidet er på 340.000 kroner pluss moms. Søknad om støtte frå kommunen gav negativt svar.
Raudbygget er eit hus ved bryggja som blei kjøpt og overteke av Liv Laga. Fredag vart det arrangert ungdomsklubb for fyrste gong der. 18 unge møtte og var med på diverse aktivitetar. Snart skal ein mellom anna ta i bruk eit stort verkstadlokale i bygget, slik at ungdomane kan reparere og stelle på syklar, mopedar og anna.
Me er ei av dei bygdene som har makta å stå saman og jobbe saman, konkluderte Svenning Jørgensen under orienteringa kring ungdomsklubben og utviklinga i bygda.
Må finne ny butikkdrivar
Ei anna gruppe konsentrerer seg om «Bui som samlingsstad». På møtet blei det orientert om ei endring som snart ventar. Til hausten byrjar dagens drivar på fire års vidareutdanning til eit anna yrke, og ein må derfor finne andre som kan ta over Bui.
Viktige føresetnader er å behalde nærbutikken, me får no ei skikkeleg utfordring, sa Hetland, og oppmoda eventuelt interesserte drivarar til å ta kontakt.
Rekrutterings- og marknadsføringsgruppa har som mål å syte for at det er lys i alle hus i bygda. Ein skal oppretthalde busettinga, og aller helst auke ho. Nyleg er den fyldige og gode heimesida «laardal.no» laga ferdig, og tiltaket kan kanskje vere med og få på plass nye innbyggjarar. Interessa for sida er det ikkje noko å seie på, i januar var nesten 1.000 innom nyskapinga.
Ein spesiell fangst
Tidlegare Tokke-ordførar Marie Sund kom med ei oppmoding på bygdemøtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lårdal er ei utruleg fin bygd som fortener å ha folk i framtida også. Finn på aktivitetar som trekkjer folk til bygda. Eg tenkjer på bygdekveldane me hadde før, kvifor kan ikkje nokon ta opp att denne gamle tradisjonen, spurde Sund.
Hetland svara med at han hadde høyrd rykte om ein bygdekveld alt neste månad.
Etter orienteringa frå alle gruppene, hadde elevane ved skulen underhaldning og det var matøkt. Konklusjonen etter kvelden må vere at det absolutt er liv laga i Lårdal, og at det også framover kjem til å bli laga liv. Det kan ein nok mykje takke småsamfunnsprosjektet for.
Nesten ingen ting av det som blei gjennomført i fjor ville ha skjedd om det ikkje hadde vore for prosjektet. Me har kome godt i gang, og det vil skje mykje til våren og hausten, seier Hetland til lokalavisa.
Til slutt tek me med at på bygdemøtet kom det signal om at ein måtte vere forsiktig med å gå turstien frå 1. februar, fordi det er sett opp ei gaupefelle der. Ikkje skjønte bladfyken heilt kvifor mange trekte så på smilebandet etter opplysninga, men svaret på det kom like etter: I fjor under gaupejakta kom ein turgåar til den same fella. Han tenkte som så at han heller ville prøve å gå gjennom ho, i staden for å prøve å kome fram utanom der det ikkje var så god plass. Dermed sat han i saksa, portane datt ned og personen vart sperra inne. Turgåaren kom seg til slutt ut att. Ei stund følte kanskje personen at han hadde gått i fella ved å vere i Lårdal