135 hjortar og 1.102 elgar felt
Sist haust gav igjen ny fellingsrekord på hjort i Vest-Telemark. Under elgjakta blei det skote 144 færre dyr enn i 2007. Seljord og Nissedal skilde seg ut med svært låge fellingsresultat.
Elgjakta 2003 gav rekordfelling med 1.699 dyr i Vest-Telemark. Åra etter gjekk tala bare nedover, men fekk ein oppgang att i fjor då det vart skote totalt 1.246 elgar. Sist haust gjekk talet ein del tilbake. Av ein jaktkvote på 1.544 elgar, vart det skote 1.102 eller 71,4 prosent av tildelte dyr. Flest elgar ramla det i Fyresdal (262 dyr), medan Seljord (111) og Nissedal (112) hadde dei lågaste resultata.
I år etter år har det kome nye fellingsrekordar på hjort i regionen. Talet for 2007 var 131 dyr, medan det i fjor vart skote 135. Det er 30,5 prosent av tildelt kvote på 443 hjortar. Nok eit år vart det ikkje felt hjort i Nissedal. I Tokke vart det skote 48 hjortar, mest i vestfylket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tokke
Av fellingskvoten på 300 elgar i Tokke 2008, ramla det 251 dyr. Det gav den høgaste fellingsprosenten (83,7) i vestfylket sist haust. Igjen har jegerane i Tokke skote mange kalvar. 42 prosent av dei felte dyra var kalvar, medan 13 prosent var ungdyr (1,5 år). 18 prosent var eldre kyr.
Fordeling på alder og kjønn er svært god. Betre avskyting enn det jegerane gjorde sist haust trur me knapt det går an å få til, seier skogbrukssjef Sverre Bakke i Tokke.
Han meiner kommunen er atypisk i forvaltinga av elgstamma som framleis er fin og har rimeleg god utvikling.
Me reduserer stamma forsiktig og sparer på produksjonsdyra. I motsetnad til dei fleste andre kommunar skyt me hardt på kalv. Når me ser rundt oss, ser det i dag ut som ein stødig veg å gå, seier Bakke.
Han trur elgstamma er om lag som året før, og meiner ein skyt den årlege tilveksten. Elles legg han til at det blir vurdert å ha ei pause i reduksjonen av elgstamma i 2009.
Elles vart det fellingsrekord på hjort i Tokke sist haust. Av tildelt kvote på 145 vart det skote 48, og det er 7 fleire enn året før.
Ein del jaktlag er no i ferd med å bli gode hjortejegerar, og det er ei større interesse på gang for jakta. Også neste år må eit betre resultat på hjortejakta vere eit satsingsområde for viltforvaltinga. Hjorten er i ferd med å gjere store skader på ungskogen av gran, avsluttar Bakke.
Fyresdal
Som i 2007 blei det også sist haust felt flest elgar i Fyresdal av kommunane i vestfylket. Det blei gjeve løyve på 320 dyr, og 262 av dei enda i fryseboksen. Av desse var 27 prosent kalv og 29 prosent ungdyr. Snittvekta for kalv var 59 kilo og ungdyr 112 kilo.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elgstamma i kommunen er redusert frå 1.200 dyr i toppåra 1997-2003, til om lag 800 dyr i 2008, i fylgje skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan. Nedgangen er i tråd med målsettinga for siste planperiode.
Me er ikkje nøgde med vektene på kalv og ungdyr. Vektene viser framleis ein nedgang i høve til tidlegare år og kva ein bør kunne forvente. Elles er jaktlaga særs flinke til å spare store stutar, noko som bør gje utslag i kondisjonen på stamma på sikt, seier skogbrukssjefen.
Han fortel vidare at i Fyresdal har ein i enkelte område opplevd ekstreme mengder elg sist vinter, særleg etter dei store snøfalla i februar og mars. Opptil 30 elgar er registrert nord i dalen på ein og same morgon. Momrak-Haugan meiner dei fleste dyra kjem frå høgheia nordvest for Fyresdal.
Mykje elg i dalen gjev auka fare for påkøyring. Eg likar betre å nytte jakt som forvaltingsverktøy, i staden for at dyra blir påkøyrde av bilar. Fyresdal ynskjer no eit betre samarbeid over kommunegrensene for å forvalte elgen på ein betre måte. Elgen forheld seg ikkje til kommunegrenser, og då bør heller ikkje forvaltinga gjere det, skyt Momrak-Haugan frå hofta.
I 2008 vart det skote 10 hjortar av ein fellingskvote på 42.
Det vert observert stadig meir hjort i Fyresdal, men kunnskapen om hjorten er liten og han er vanskeleg å jakte på, kommenterer skogbrukssjefen.
Kviteseid
Fellingskvoten på elg i Kviteseid sist haust var 279. Det blei skote 231 dyr, og det er ein fellingsprosent på 82,8. Av dyra som blei tatt ut var det 22 prosent kalv og 28 prosent ungdyr.
I fylgje Magne Skarprud ved landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal, er uttaket av elg lik tilveksten. Bestanden i Kviteseid er rundt 35 prosent lågare enn toppnivået i 1999-2000.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slaktevektene på vaksne dyr har auka. Me vurderer det slik at me no har ein bestand som er i balanse i høve til beitegrunnlaget, seier Skarprud, og legg til at få elgar har blitt påkøyrde siste året.
Kviteseid er hjortekommune nummer to i regionen. Av ein fellingskvote på 125 dyr, blei det skote 35. Det er 7 færre enn året før.
Hjortebestanden aukar sjølv om uttaket sist haust var mindre enn i 2007. Dei fleste hjortane blei felt i Kilen og Tveitgrend. Uttaket av hjort bør aukast, seier Skarprud.
Nissedal
Det beste elgjaktåret i Nissedal si historie var i 2003 då det blei felt 254 dyr. Resultatet etter sist haustjakt var bare 112 elgar, eller 54,6 prosent av fellingskvoten på 205. Det gav den lågaste fellingsprosenten på elg i vestfylket i 2008. Ein må nesten 20 år tilbake i tid for å finne liknande lågt fellingstal i Nissedal. Av dyra som ramla i 2008 var det 16 prosent kalv og 33 prosent ungdyr. 65 prosent av felte dyr var oksar.
Det blei teke ut litt stor del med hanndyr, men grunna at det totalet uttaket var så lite, vil ikkje det slå ut på kjønnsfordelinga i bestanden, meiner Magne Skarprud ved landbrukskontoret
2008 var tredje og siste året i ein planperiode med total fellingskvote på 600 elgar.
Nissedølane meiner planen har vore for ambisiøs, og derfor blei det ikkje tatt ut så mange elgar dei siste to åra, seier Magne Skarprud.
Han trur elgbestanden i Nissedal har auka litt att. Etter ein reduksjon i bestanden frå 1999 til 2007, trur han ikkje tilveksten blei tatt ut sist haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
Uttaket bør auke til rundt 160 dyr til hausten, meiner Skarprud.
Det blei utdela 15 fellingsløyve på hjort, men ingen dyr blei skote.
Eg er overraska over at det ikkje kjem fleire tilbakemeldingar om hjort i Nissedal, seier Skarprud.
Vinje
Sist haust blei det felt 135 elgar i Vinje. Det gav ein fellingsprosent på 56 av tildelte 241 løyve. Blant felte dyr var 30 prosent kalv og 21 prosent ungdyr. Over 60 prosent av dyra i det totale uttaket var oksar.
Landbruksrettleiar Lasse Mathisen i Vinje kommune fortel at slaktevektene held seg bra, med kalvar på rundt 60 kilo og 135 kilo på ungdyra. Produktiviteten har auka smått, men sikkert, etter ein botn i 1999.
Etter ein topp i elgbestanden i 1998, starta nedskytinga for fullt. Stamma vart redusert med over 40 prosent fram mot 2005.
Om ein ser på heile kommunen har stamma auka smått år for år frå 2005. Dyra fordeler seg nokså ujamt i kommunen. Nokre stader opplever ein auke, andre melder om stabil bestand, medan andre igjen «ikkje ser» elg, fortel Mathisen.
Av fellingskvoten på 89 hjortar, enda 27 på kjøtbenken. Dermed blei det skote 7 færre hjortar enn toppåret 2007.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bestanden er framleis i vekst, spesielt i delar av kommunen. Det gjeld i området på grensa til Tokke ved Ligrend og Haukeli. Bestanden er framleis liten i Øyfjell og Rauland. I alle fall er det ikkje felling i desse områda, seier Mathisen.
Seljord
I Seljord blei jaktresultatet 111 elgar av ein kvote på 199. Fellingsprosenten enda på bare 55,8. Av dyra som ble tatt ut var det 14 prosent kalv og 40 prosent ungdyr.
Fellingstalet blei veldig lågt sist haust. Somme jaktlag hadde skote kraftig ned på stamma tidlegare år, så det var bare eit tidsspørsmål når det ville bli felt færre dyr, seier skogbrukssjef Jørn Ingar Sanda.
At det blei felt bare 15 kalvar i kommunen, meiner Sanda ikkje har så mykje å seie. Han er langt meir oppteken av at prosenten kom opp i 54 fordelt på kalv og ungdyr.
Alle storvalda i kommunen har eit mål om å liggje over 50 prosent, opplyser Sanda.
I fylgje skogbrukssjefen er det særleg i Seljord vest at elgstamma har gått ned.
Det vart felt 15 hjortar i 2008 av ein tildelt kvote på 27. Året før ramla det 8 hjortar i kommunen.
Hjort blir det bare meir og meir av. Dei mest hjortetette områda er delar av Flatdal og Seljord vest, fortel Sanda.