Torleiv Skåli (t.h.), leiar i Nissedal skogeigarlag, vil splitte opp fellesformuen i foreininga for å setje fart på det lokale skogbruket. På skogdagen møtte han synspunkt frå Halvor Bjørken (t.v.) frå Skogeierforeningen Nord og Christian Ramberg, Dieter Oswald og Nils Aakre frå AT-Skog.
Torleiv Skåli (t.h.), leiar i Nissedal skogeigarlag, vil splitte opp fellesformuen i foreininga for å setje fart på det lokale skogbruket. På skogdagen møtte han synspunkt frå Halvor Bjørken (t.v.) frå Skogeierforeningen Nord og Christian Ramberg, Dieter Oswald og Nils Aakre frå AT-Skog.

– Formuen må stimulere skognæringa

Medlemmer i Nissedal skogeigarlag, med leiar Torleiv Skåli i spissen, ynskjer å bruke ein del av fellesformuen i Agder-Telemark Skogeierforening (AT-Skog) for å stimulere den lokale skognæringa. Men skogtoppane let seg ikkje vippe av pinnen då lokallaget arrangerte skogdag med brei debatt om temaet.

Den årlege skogdagen i Nissedal konsentrerte seg om viktige spørsmål rundt ei næring som slit med vekstvilkår lik ei granplante under eit bjørkehav. Skogeigarlagsleiar Torleiv Skåli fekk skogtoppar både frå Agder-Telemark Skogeierforening (AT-Skog) og Norges skogeierforbund til å leggje arbeidsdagen til Felle for å debattere med lokale skogeigarar.

AT-Skog er rimeleg stinn av millionar av kroner som står gjerda inn med kraftige kubikksstolpar på grunnfond. 11 millionar av desse står bokført på Nissedal skogeigarlag. I tillegg har foreininga monaleg med aksjeverdiar i storkonsernet Norske Skog. Skåli kasta ut ein brannfakkel då han spurde om fellesformuen i AT-Skog på denne måten blir nytta på rett vis. Den engasjerte leiaren vil heller fordele noko av fellesformuen ut til lokallaga, som vidare kan sprøyte inn pengar mellom anna til ungskogpleie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svært kapitalfattig

– Vest-Telemark er det mest kapitalfattige distriktet i Noreg, opplyste Sveinung Seljås, skogbrukssjef i Nissedal, i innleiinga. Med dei orda fekk han ikkje bare brannfakkelen i fyr og flamme.

– I Telemark har det aldri stått inne så mykje skogavgift som nå, parerte Dieter Oswald. Direktøren i AT-Skog minna om at der er det pengar å bruke.

Slike ord bit ikkje på ein som Skåli når han tenkjer på alle dei som ikkje har noko særleg skogavgift nedsylta.

– Ver frimodige og knall i veg, oppmoda han vidare i ordvekslinga.

Halvor Bjørken er nestleiar i skogeigarforbundet, leiar i Skogeierforeningen Nord og styremedlem i Norske Skog. Skogtoppen blei overraska over påstanden om at Nissedal tilhøyrer det mest kapitalfattige området i landet.

– I Nissedal er det potensiale til å ta ut 45.000 kubikkmeter tømmer i året, men det blir bare tatt ut 20.000. Her ligg det fleire millionar i kapital, felte Bjørken som argument for å finne pengar.

Vidare meinte han det er vanskeleg å gå til angrep på fellesformuen og leggje den ut til skogeigarlaga.

– Det er bare å bli einige, det, repliserte Skåli med eit smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil ikkje vinne mykje

Seljås fann det rett å påpeike at han ikkje føreslo å ta av fellesformuen i AT-Skog.

– Det er minikraftverk som ikkje blir gjennomført sidan det ikkje er kapital. Er det nokon som kan hjelpe bygdene med denne kapitalen, var det skogbrukssjefen ynskte å få svar på.

Christian Ramberg, styreleiar i AT-Skog, ynskjer å ha fram alle konsekvensane av å overføre kapital til skogeigarlaga. Han meiner ei slik løysing vil gje ei sterkt svekka foreining, som i si tid blei oppretta for å arbeide med utfordringane til fellesskapet. Vidare meiner Ramberg at når lokallag eig aksjar i Norske Skog, er det eit middel for eigen leveringstryggleik.

– Avkastinga av kapitalen kjem til skogeigarane. Overfører du formuen til dei, forsvinn avkastinga. Skogeigarane får ikkje i pose og sekk. Dei vil ikkje vinne mykje økonomisk ved å ta av formuen, utdjupar Ramberg til VTB, men presiserer at han er verken for eller imot forslaget.

Skogeigar Knut Martin Felle oppfatta AT-leiaren som veldig skeptisk til å tilbakeføre formue til lokallaga. Felle vil at laga skal få forvalte ein del av formuen lokalt, noko han meiner også vil auke engasjementet i organisasjonen.

– Me skal ikkje bruke formuen for å få ein høgare tømmerpris, men for å stimulere næringa totalt, seier Felle til lokalavisa. Han meiner det er viktig å finne kapital som kan styrkje landsbygda.

To hattar

Dieter Oswald er oppteken av å tenkje langsiktig.

– Kor lenge overlever Union? Og skjer det noko med Vafoss, kva då? I sum kan me påverke Norske Skog og fellesskapet. Det me gjer i dag har kanskje konsekvens 30-40 år fram i tida, sa direktøren i AT-Skog.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bjørken, du har to hattar på same tid, sa Skåli, og vendte seg mot skogtoppen. På same tid som Bjørken er leiar i Skogeierforeningen Nord, sit han også i styret i Norske Skog, selskapet som avgjer prisen skogeigaren får for sliptømmeret.

– Skepsisen blant skogeigarar om å ha to hattar er stor, heldt Skåli fram.

– Eg har skogeigarhatten i alle samanhengar, kvista Bjørken kontant tilbake.

Han meiner skogeigarane er pådrivaren for å få ei utvikling i Noreg. Det påpeikar han er grunnen til at skogeigarrepresentantar må vere med i Norske Skog og andre styrande organ.

Endå større kapital

– Utan nyinvesteringar stoppar alle anlegg i Noreg innan 50 år. Me treng industri som kan ta imot virket frå skogeigarane. Det er ikkje bare å knipse i fingrane og seie at me har ein industri som kan overta millionar av kubikkmeter tømmer over natta. Elles er det skogeigareigd industri som betaler mest. Då er det nærliggjande å tru at me har innverknad, sa Bjørken. Han er ivrig på å ha endå større kapital på lager for å møte utfordringane i framtida med tanke på at skogeigarane skal vere sikra ein stad å levere tømmer.

Utvekslinga på Felle skar ikkje opp fellesformuen i denne omgang, men skogeigarane vil nok gjødsle frøet dei sådde. Skogeigarar i Nissedal er klare til å fylle meir drivstoff på motorsaga for å felle ivrige og nye argument med tanke på å transportere heim utviklingsmiddel avverka frå fellesformuen i AT-Skog. Saka rotnar ikkje på rot så lenge skogeigarlagsleiar Torleiv Skåli har lokalt medhald frå «underskogen».