Ny vaskestasjon, ombygging av garderobe og komplett ventilasjonsanlegg er blant behova på brannstasjonen i Fyresdal.
Ny vaskestasjon, ombygging av garderobe og komplett ventilasjonsanlegg er blant behova på brannstasjonen i Fyresdal.

Bed om 1,5 millionar til brannstasjonen

For å oppfylle krava bed brannvesenet i Fyresdal om halvannan million kroner til brannstasjonen.

I samband med sløkking av bygningar i brann legg det seg måling og giftige kjemikaliar på klede og utstyr. Dette må nøye vaskast etterpå.

– På brannstasjonen må me bygge ein vaskestasjon for klede og utstyr, og bygge om garderobe for å få rein og urein sone. Det må vere tre dusjar der. Vidare er det behov for komplett ventilasjonsanlegg, og kostnaden for alt er på rundt 1,5 millionar kroner pluss moms. Den summen vil eg be om i haustens budsjettarbeid, seier Arild Metveit, uttrykkingsleiar i Fyresdal brannvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at investeringane er i tråd med krav som har lege der i mange år.

– Men me har fuska med kravet, seier Metveit.

Han skulle gjerne også sett at det blei kjøpt inn branndukar. Under ei brannøving nyleg med mannskap frå Fyresdal og Nissedal blei slike dukar effektivt demonstrert. Eit firma frå Larvik viste korleis ein sikrar nabohus.

– Fem meter frå huset som brann var det mange hundre grader på eine sida av duken, og på andre sida og mot nabohuset var det berre 12 grader! Det var heilt utruleg. Branndukar er eit fantastisk hjelpemiddel me bør skaffe oss. Skulle me ha skjerma to sider frå eit brennande hus i sentrum, måtte me kjøpe inn dukar for 100 000 kroner. Men kva betyr det om ein kan spare eit hus til to-tre millionar kroner, seier Metveit.

Realistiske øvingar

Dei elleve brannmennene var på røykdykkarøving i eit hus like ved Fyresdal sentrum. Huset skulle rivast, men sidan brannvesenet hadde behov for realistiske øvingar blei det tent på. Brannmannskapet blei delt inn i fire lag, som var to gonger kvar inne i det brennande huset for å sløkkje.

– Det er kolsvart og ein ser ingen ting, berre flammer, seier Metveit om kva som møtte øvingskarane.

For at alle skulle få all øvinga som var planlagt, blei huset (etter sløkkinga) set fyr på heile åtte gonger, så det blei eigentleg ei øving for publikum – i tolmod. Dei venta på å få med seg at huset blei brent ned.

Brannmannskapet øva også på å ta omsyn til trafikken på fylkesvegen like ved, og såg til at folk ikkje kom for nære.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile øvinga gjekk veldig bra, kommenterer utrykkingsleiaren.

Viste fram brannstasjonen

For fyrste gongen på mange år opna brannvesenet i Fyresdal sist laurdag brannstasjon for innbyggjarane. Det møtte ein god del for å sjå mellom anna på demonstrasjon i å klyppe ut fastklemde folk frå bil, og korleis det fungerer når airbagen slår ut. Vidare kor farleg det er å prøve å sløkkje brennande smultgryte med vatn. Dei minste fekk vere med på rebusløp, med brannhjelm og caps som premie.

Det er 16 personar i bygdas brannvesen, noko som tilsvarar minimumsstyrken ein må ha.

– Me har eit godt mannskap nå som er kursa og på hogget, seier utrykkingsleiar Arild Metveit.