Magnus Krog frå Høydalsmo blei laurdag norsk meister i kombinert.
Magnus Krog frå Høydalsmo blei laurdag norsk meister i kombinert.

Blei inspirert av kompisens medalje

Magnus Krog blei inspirert av Ånund Lid Bygglands NM-sylv.

– Eg høyrde sprinten på radioen på veg til NM. Før finalen hadde eg ei god kjensle på vegne av Ånund. Då han blei nummer to blei eg gira. Me er gode kompisar og prestasjonen hans sette meg i rett modus, seier Krog.

Laurdag gjekk han inn til Vest-Telemarks fyrste NM-gull sidan Jan Rune Grave frå Vrådal gjekk til topps på Krogs heimebane for elleve år sidan. I einsam majestet kunne Krog prøve seg på litt sprell på målstreken. 360-gradershoppet sat ikkje heilt, men kva gjer vel det når ein for dagen er Noregs beste kombinertløpar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk helse på kongen

– Det var kjempestas. Eg fekk ikkje kongepokalen som blei delt ut sundag, men eg fekk i alle fall helse på kongen. Det var moro. Eg var spent, men han var ein blid, artig og interessert person. Møtet svara absolutt til forventningane, seier gullvinnaren frå Høydalsmo.

Han la grunnlaget i hoppbakken på Hamar og hadde gull i blikket då han la i veg i langrennsløypene, berre 26 sekundar bak Håvard Klemetsen som var lengst og best i bakken. Krog og Jan Schmid fekk raskt kontakt med finnmarkingen i tet.

– Eg hadde ein plan om å mørne dei og fekk raskt ei luke. Då køyrde eg hardt, før eg kunne kose meg på siste runden, seier ein fornøgd 25-åring.

I mål var han 37,7 sekundar føre Håvard Klemetsen som tok sylv.

Tung sundag

Verdscupkonkurrentane Magnus Moan og Jørgen Graabak deltok ikkje i NM. Moan prioriterte verdscupen, medan Graabak var sjuk. Krog trur uansett dei skulle hatt problem med å snyte han for NM-gullet.

– Blei det noko feiring?

– Det blei det dårleg med, men det var tydelegvis nokon som feira utanfor hotellet for der var det party heile natta, smiler Krog etter å ha lege lenge vaken.

Sundag såg Krog moglegheitene til å ta endå eitt NM-gull i øvinga penalty race. Her går løparane strafferundar på bakgrunn av prestasjonane i hoppbakken. Håvard Klemetsen leia etter hopprennet og fekk i langrennet god drahjelp av lagkamerat Andre Nyeng Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ole Martin (Storlien) og eg hadde like mange strafferundar og bestemte oss for å samarbeide for å halde unna for Mikko Kokslien. Det klarte me ikkje. På siste runden var det ingen som ville dra, og dei hang på då eg prøva å rykkje. Uansett var det ein tung dag i løypa frå fyrste stavtak, seier Krog etter sundagens 4. plass.

– Men det har vore to knallbra økter i helga, legg han til.