187 deltakarar sprang opp fjellsida på Skuggenatten laurdag i motbakkeløpet i Treungen. Svaberga myssa av tobeinte fjellgeiter.
187 deltakarar sprang opp fjellsida på Skuggenatten laurdag i motbakkeløpet i Treungen. Svaberga myssa av tobeinte fjellgeiter.

Full fart mot toppen

Motbakkeløpet Skuggenatten opp hadde rekorddeltaking laurdag. 450 personar testa lårmuskulaturen opp svaberga i Treungen.

Skuggenatten opp er litt av ei utfordring. Frå grasmatta på fotballbanen og opp til toppen er det 456 høgdemeter til toppen som ligg på 706 meter over havet. Over 70 prosent av løypa går på svaberg.

Fotballbanen i Treungen var prega av hektisk aktivitet i kvarteret før startskotet klokka 13.00 laurdag. Deltakarar i alle aldrar varma opp, bøygde og tøygde på alle ledd og småjogga att og fram på grasmatta. Tidlegare på dagen hadde 250 mosjonistar i trimklassa bevega seg opp mot toppen, klare til å ta mot vinnarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Suveren Bereket

Også blant deltakarane var det rekord i år der 187 stilte på startstreken. Det var ein klar favoritt i herreklassa i år, Tomas Bereket, frå sportsklubben Vidar. Bereket har løyperekorden frå 2012 på 22.18, og mange håpa nok på at han skulle slå denne i år. Det heldt nesten. Bereket vann herreklassa suverent på tida 22.53, 37 sekundar før andremann Torstein Tengsareid, som i fjor var fattige 8 sekundar bak. Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo IL kom inn på 9. plass med tida 27.29.

I kvinneklassa var det familien Weng som tok over heile pallen. Heidi Weng toppa pallen med ny løyperekord på 26.37. Hakk i hel kom Merete Weng på andreplass med tida 27.48, og mor May Bente Weng kunne sikre seg tredjeplassen snaue tre minuttar etter. Ingjerd Kleiv Utistog frå Vinje IL kom på sjetteplass med tida 34.01.

Motbakkeløpet var delt inn i aldersklasser og fleire vesttelar imponerte med farten opp fjellsida. I klassa 12–13 år kom Ingerid Vadder på andreplass med tida 41.22, Sissel Haugsjå Solberg frå Treungen kom på tredjeplass i kvinneklassa 23–24 år med tida 39.02. I klassa 12–13 år for gutar kom Halvor Kleiv frå Vinje IL inn på fyrsteplass med tida 32.04, medan Halvor Vadder frå Høydalsmo gjekk i mål på tida 30.16 og sikra seg tredjeplassen i klassa 16–17 år. Asgeir Solberg blei den fyrste nissedølen som kom i mål på under halvtimen, med tida 29.47, og fekk med det ekstra premiering.

Tomas Bereket frå sportsklubben Vidar har vunne Skuggenatten opp fleire år på rad, og var storfavoritt i år også.
Tomas Bereket frå sportsklubben Vidar har vunne Skuggenatten opp fleire år på rad, og var storfavoritt i år også.
Asgeir Solberg kom i mål med tida 29.47, og blei med det tidenes fyrste nissedøl som gjennomførte løpet på under halvtimen. (Privat foto)
Asgeir Solberg kom i mål med tida 29.47, og blei med det tidenes fyrste nissedøl som gjennomførte løpet på under halvtimen. (Privat foto)

– Beste arrangementet så langt

Pådrivar og arrangementsleiar for motbakkeløpet, Olav Nilsen, var storfornøgd med dagen etter vel avslutta løp.

– Eg trur dette har vore det mest vellukka arrangementet me nokon gong har hatt. Vêret var optimalt, sjølv om det kanskje var litt i varmaste laget, seier Nilsen.

Neste år er blir det NM i motbakkeløp opp Skuggenatten, som fyrste gong på Austlandet. Det er dei klare for.

– Me har ein god kontinuitet i arrangementsgruppa, så det trur eg skal gå veldig bra, seier Nilsen.

NM i motbakkeløp er sett til 30. mai 2015 med Treungen idrettslag som arrangør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsentrert: Tomas Bereket frå sportsklubben Vidar har vunne Skuggenatten opp fleire år på rad, og var storfavoritt i år også. Under halvtimen: Asgeir Solberg kom i mål med tida 29.47, og blei med det tidenes fyrste nissedøl som gjennomførte løpet på under halvtimen. (Privat foto)