Unge animatørar
Papirprinsen blir flytta litt og litt bortetter tavla. Lukkaren på kameraet lagar lyd, og figuren må flyttast på ny. Skuleelevane i Vrådal har animasjon på timeplanen. Eit samarbeid mellom kulturskule og skule.
Som eit samarbeid mellom den kommunale kulturskulen og Straumsnes oppvekstsenter blei det i haust starta animasjonskurs for 5., 6. og 7. klasse.
Signy Magúsdóttir har animasjon- og filmutdanning frå mediefag ved høgskulen i Volda og er lærar i kulturskulen i Kviteseid. I tillegg til tilbod om teikne- og måleopplæring i kulturskulen har ho denne hausten også gjesta skulane med opplæring i teikning og animasjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Denne opplæringa er finansiert av midlar kulturskulen i Kviteseid fekk frå Kulturdepartementet. Kulturskulen søkte om 254 000 kroner for å utvide dagens kulturskuletilbod, og fekk eit tilskot på 100 000 kroner.
Spennande
Elevane ved oppvekstsenteret jobbar i grupper. Elevane i 5. klasse er godt i gang med historia si.
Fyrst laga Signy ei historie saman med oss, så måtte me lage alle figurane som skulle ha roller i filmen og alle dei andre små deltaljane. Eg likar godt å lage alle dei ulike delane som me brukar i animeringa, fortel Signe Øy.
På tavla har dei teikna eit landskap med kritt i ulike fargar. Wilma Sanden tar eitt og eitt bilete ettersom Signe flyttar figurane med små bevegelsar eller teiknar inn ulike detaljar.
Den fyrste dagen Signy var læraren vår laga me ein film ute. Då tok ho over hundre bilde og sette det saman til ein film på nokre få sekund, fortel Wilma Sanden fascinert.
For å få elevane til å forstå at det bare krevs små rørsler for kvart bilete, bad eg dei endre litt på korleis dei stod for kvar gong eg tok bilde. Slik kunne eg vise dei at ein må ta mange bilete for å vise ein bevegelse, forklarar Magnúsdóttir.
Bilde for bilde
Gruppene har fått hjelp av læraren til å lage ein arbeidsplan for kva dei ulike scenane i filmen skal handle opp. 7.-klasseelevane er akkurat ferdig med fotografering av ein scene og går til datamaskina for å leggje bilda inn i programmet moviemaker.
Magnúsdóttir hjelper elevane med å tilpasse kor lenge kvart bilde skal vere synleg, og startar framsyninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Filmen vår heiter «prinsen og dragen» og etterpå skal me jobbe vidare med ei ny handling i filmen. Når me har lagt alle scenane inn på dataen skal me legge til musikk og lyd, fortel Stian Vee Straand.
Inn i skulen
Regjeringa har sett av 72 millionar kroner til innføring av kulturskuletilbod i skule og SFO i 2013. Dette rammetilskotet skal bli delt på alle landets kommunar slik at ein kan innføre kulturskuletilbod i SFO ein time i veka.
Kviteseid kulturskule fekk tidlegare i år 100 000 kroner i stimuleringstilskot for skuleåret 2012/2013 som nå er i bruk etter regjeringas intensjon: samarbeid med skule og SFO. Dette tilskotet blir nå erstatta av den nye bevillinga over statsbudsjettet for 2013, seier kulturskulerektor Eli Taugbøl.
Teiknar det de ser
Etter haustferien fekk elevane som har skule- og fritidsordning (SFO) ved Straumsnes oppvekstsenter tilbod om teikne- og målekurs på tysdagar.
Etter skuletid får elevane eit måltid og blir deretter med lærar Signy opp i klasserommet for å teikne.
Elevane har laga eigne mapper, og viser fram ei rekkje arbeid dei har laga i SFO-tida.
Knut Straand Olsen og Halvor Sanden Brenne sit på fyrste rad og er klare for å starte med dagens teikneoppgåve. Dei har, som resten av gutane på SFO, med seg eit lass av små metallbilar som dei skal teikne på den frie oppgåva.
Førre gong teikna me det me såg utanfor glaset, fortel Knut Straand Olsen medan han er i gang med dagens fyrste oppgåve: å teikne ein kopp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein vase
Magnúsdóttir undrar om jentene i gruppa har innspel til kva dei skal teikne i dag.
Kanskje ein vase med blomar, foreslår Mina Vee Straand.
Magnúsdóttir ser seg omkring i klasserommet og hentar fram ein kopp, ei blomsterpotte og ei vasskanne.
Elevane har lært å teikne noko i 2D og i 3D. I dag skal de teikne ulike gjenstandar tredimensjonale, forklarar Magnúsdóttir og går rundt til kvar elev for å hjelpe til.
Ikkje teikn det de veit det er, men teikn det de ser, oppmodar ho elevane.
Fyrst teiknar dei ei oppgåve eg bestemmer. Etterpå kan elevane teikne det dei ynskjer sjølve, smiler læraren.