Håvard (14) mekkar på gråtassen
14 år gamle Håvard Skori i Åmotsdal syter for at den vesle, gamle traktoren er fullt fungerande.
– Eg har bytta leidningsnettet og dynamoen, fortel ungguten og viser stolt fram den fine traktoren.
I mange år stod klenodiet bortgøymt på låven på Kortestaul, men for nokre år sidan blei han funnen fram og teken i bruk att.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bestefar min, Aasmund Skori, kjøpte traktoren ny i 1956, informerer Håvard.
Ferguson-traktoren har originalt kjennemerke, H 92037, og står registrert på far av Håvard, Espen Skori.
Av oppslagsverket Norske gardsbruk går det fram at gråtassen var den fyrste traktoren på Kortestaul, som er eit bureisingsbruk frå 1939.