– Me er takksame for at eit ljos som han blei tent på Vinjeflaten
Aasmund Olavsson Vinje skal feirast på storslagent vis i tre dagar til ende. Fredag blei festhelga opna med blomar på bautaen til tohundreåringen ved Vinjar samfunnshus.
Ei lita, men god forsamling hadde møtt fram på Vinjar fredag morgon, då ordførar Jon Rikard Kleven skaut startskotet for jubileumshelga.
– I dag er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd, innleia Kleven, etter at han hadde sett ein staseleg blomsteroppsats på bautaen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Les også: – I dag trur eg Vinje hadde vore bloggar
– Han var den andre nynorskbrukaren i Noreg, og tok i bruk det nye skriftspråket i alt han skreiv. Eit nytt språk måtte ein sjølvstendig nasjon ha. Han var ein pionér innan journalistisk metode, og han bruka ytringsfridomen sjølv om det kosta han levebrødet. Vinje stod bak Noregs fyrste nynorskavis, Dølen, som han gav ut i mange år. Han var ein samfunnsrefsar og ein kritikar, og var viktig for nasjonsbygginga i Noreg fram mot frigjeringa i 1905. Gratulerer med dagen, Aasmund Olavsson Vinje.
Så, utan at nokon bad om det, blei det heilt stille ei lita stund. Det ser ut til at det bur ein heilt naturleg og sterk respekt for sjølvaste Vinje i ein kvar vinbyggje.
– Me er takksame for at eit ljos som han blei tent på Vinjeflaten, sa Kleven, då stillheita hadde fått vare litt.