Utgardsvegen vil koste millionar
Utgardsvegen i Haukeli treng opprusting, og ein del av vegen som går tett inntil det freda våningshuset på Groven må også flyttast. Den omfattande opprustinga er kostnadsrekna til rundt fem millionar kroner. Eit stykke av Kostveitvegen står også på prioriteringslista, og drivaren av Kolås massetak er interessert i å inngå ei utbyggingsavtale med Vinje kommune, slik at vegen dit skal tole meir og ikkje får aksellastrestriksjonar i vårløysinga. Til saman vil Utgardsvegen og Kostveitvegen kunne koste kommunen 6,5 millionar kroner i 2017.
Politikarane i Vinje skal snart ta stilling til kor mykje pengar dei vil setje av til dei kommunale vegane i budsjettet for neste år. Budsjettet blir handsama i formannskapet 17. november og vedteke i kommunestyret 15. desember.
Artikkelen held fram under annonsen.
Asfaltering av Storegutvegen i Edland står også på prioriteringslista, til rundt 700 000 kroner.
Storegutvegen frå rundkøyringa til Edland skule blir asfaltert i haust. Strekninga frå Edland skule til Bruflote bør asfalterast i 2017. Det bør og fjernast midtrabattar i krysset, skriv sakshandsamaren til formannskapet, som førre veke vedtok lista over vegstrekningar som bør prioriterast i 2017 – avhengig av kor mykje pengar dei vil og kan setje av i budsjettet.
Asfaltering av øvre del av det kommunale bustadfeltet Juvbakk i Åmot er eit anna av punkta på veglista. Det manglar asfalt på om lag 350 meter av hovudvegen, og sidevegane må òg asfalterast. Det er kostnadsrekna til om lag éin million kroner, inkludert ljosmaster.
– Det er no bygd på fleire av tomtene i den øvre delen og TDV (teknisk etat) meiner vegen må ferdigstillast med asfalt, skriv sakshandsamar.
På lista står også asfaltering av strekninga frå Kilsvegen til den gamle skulen i Grungedal, til om lag 650 000 kroner.
– Det bør også vurderast om Øye bru kan rustast opp slik den er eller om det bør byggast ny bru, skriv sakshandsamar vidare.
Også utskifting av to ferister på Våmartveitvegen er føreslege, då dei er i dårleg forfatning. Dette er førebels kostnadsrekna til rundt 300 000 kroner, inkludert grunnarbeid og asfaltering.