Pengane sat laust på auksjon i Grungedal

– Eg har vore på mange auksjonar i mi tid, men maken til dette har eg ikkje opplevd, her sit pengane verkeleg laust. Orda er Lars Tveito sine, og han veit kva han snakkar om. Auksjonen me skriv om, som var i Grungedal både fredag og laurdag, var i buet etter Gudrun Straumstøyl. Det var ikkje det heilt store frammøtet av folk, men likevel så daiga auksjonariusane Aslak Nordstoga og Reidar Århus titt og ofte hamaren i bordet. Prisane var og på topp. Ei gamal bolesylje kom opp i kr. 3.500 pluss salær. Eit grautespann som var lappa på gjekk for tusenlapp.

Les heile saka