Nærmar seg vegopning
Tolmodige bilistar finn seg i å stå i kø når ein heilt ny veg lokkar. I haust står fyrste del av E134 mellom Grungedal og Edland klar.
Truleg opnar den nye strekninga mellom Velemoen i Edland og Grunge kyrkje tidleg i haust. Det seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Olav Heggenes.
– Framdrifta har no vore veldig bra, og entreprenøren Risa trur dei er ferdige til 1. oktober, seier Heggenes om prosjektet til 72 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den andre strekninga, frå Grunge kyrkje og austover, kom seinare i gang, fordi arbeidet her opphavleg ikkje var finanisert. Etter eit spleiselag av Vinje kommune og Telemark fylkeskommune om å forskottere pengane, sa departementet til slutt ja til å finansiere også denne delen.
– Totalt er dette eit stort prosjekt i Vest-Telemark-samanheng. Kostnadsramma for alt ligg på om lag 200 millionar kroner, seier Heggenes.
Blir mindre stenging
Hovden hytteservice hadde det lågaste anbodet på den siste strekninga, 43 millionar kroner, og blei valt som entreprenør. Arbeidet starta i år.
Dei har valt å lage omkøyringsvegar – noko som ikkje var like aktuelt på den fyrste strekninga på grunn av mykje bratte fjell på eine sida og vatn på andre.
– Omkøyringane gjer at vegen blir open nesten heile tida, og då kan me arbeide meir uforstyrra, seier Yngve Breivegen (!), anleggsleiar og ein av to eigarar av Setesdalsfirmaet.
Han har mellom 12 og 16 arbeidarar i sving til kvar tid, der dei fleste er lokale folk frå Vinje og Setesdal. Til asfaltering, rekkverk og anna leiger dei inn andre firma.
– Vegen opnar neste haust. Så blir det finpuss og siste lag med asfalt våren 2016, seier Breivegen.
Manglar mykje på E134
Når strekninga mellom Velemoen og Grungedal er ferdig, er 8,5 kilometer veg utbetra. Då blir det enklare å vera både pendlar og vogntogsjåfør mellom Grungedal og Haukeli – men framleis er det mykje som manglar for at E134 gjennom Vinje og over mot Vestlandet er på stell.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg håpar ein kan koma i gang med prosjekta både austog vestover så fort som råd, seier byggjeleiar Heggenes, og siktar til både ny veg over Haukelifjell og mellom Åmot og Vinjesvingen.