Vellukka pilegrimspsykiatri
Diakonien og psykiatrien i Vest-Telemark samarbeider om ei pilegrimsvandring frå Grungedal til Røldal. Prosjektet blei testa fyrste gong i fjor, og fekk god respons.
Måndag starta årets vandring frå Grungedal. I morgon er dei 15 pilegrimane som er med på turen framme ved Røldal stavkyrkje. Då har turdeltakarane frå Seljord, Tokke, Vinje og Nissedal gått dei 90 kilometerane på pilegrimsvegen. I tillegg har det vore med dagsvandrarar på turen.
Me vandrar saman, og tenkjer ikkje på kven som er sjuke. Me tenkjer pilegrimar. Det er ikkje snakk om klient eller hjelpar. Me er på same veg. Det handlar om å vere menneske. Folk kan vere sjuke på kvar sin måte. Men psykiske sjuke kan vere like gode til å gå bakkar som dei friske. På denne måten jamnar pilegrimsturen ut desse skilnadene, seier prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
God måte å møte menneske
Han meiner pilegrimsvandringa er ein veldig god måte å møte menneske på.
Det er godt å vere ute. Om ein møter nokon med angst til samtale i sofaen med kaffi kan det vere ein vanskeleg setting, forklarar Erikstein.
Me møter mange hjelpsame og greie menneske, seier Erikstein, og viser til at dei tysdag fekk servert frukost av 5. klassingane ved Edland skule.
Det er også rom for eksistensiell tenking, og Erikstein bidreg dagleg med ein tanke kvar dag.
Men dette handlar meir om å gjere ting saman, fortel Erikstein.
Håpar på årleg vandring
På den fyrste vandringsdagen var stortingsrepresentant frå Telemark, nissedølen Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) med. Opphavleg var helseminister Bjarne Håkon Hansen invitert, men han hadde ikkje tid i travle valkamptider.
Pilegrimsvandringar er midt i blinken for samhandlingsreformar og anna godt folkehelsearbeid, seier Erikstein.
Dette handlar ikkje om valkamp, men me ville vise tiltaket i Vest-Telemark, og Oppebøen Hansen gav uttrykk for at turen var god i ei travel tid, fortel Erikstein.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fjorårets vandring fekk veldig gode tilbakemeldingar.
Ein som sleit med depresjonar fortalte i etterkant av fjorårets tur at pilegrimsturen hjelpte han når vinteren kom. Når mørket kjem var det godt å sjå tilbake på denne veka med gode opplevingar, fortel Erikstein.
Han håpar samarbeidet mellom diakonien og psykiatrien i Vest-Telemark blir årleg.