I fjor blei det galopp då Tor Lund (t.v.) og Petter Hvistendahl reiste til klasseløpshelga med Rebella Mystic L. I år prøvar dei igjen. Sundag er det hoppefinale for 4-åringane.
I fjor blei det galopp då Tor Lund (t.v.) og Petter Hvistendahl reiste til klasseløpshelga med Rebella Mystic L. I år prøvar dei igjen. Sundag er det hoppefinale for 4-åringane.

Fyresdal-hest i hoppederby

Tilbake på Bjerke:I fjor blei det galopp då Tor Lund (t.v.) og Petter Hvistendahl reiste til klasseløpshelga med Rebella Mystic L. I år prøvar dei igjen. Sundag er det hoppefinale for 4-åringane.(Arkivfoto: Øystein Øygarden)

Det har nærast blitt ein tradisjon at trenar Petter Hvistendahl frå Fyresdal er representert med hest i klasseløpshelga på Bjerke i september. I 2014 trena han fram Undone til siger i Norsk travkriterium (der dei beste 3-åringane møtest). I 2009 blei No Mans Land nummer to i derbyfinalen (dei beste 4-åringane). I fjor var Fyresdal-hestane Ubet og Rebella Mystic L i hoppefinalen blant 3-åringane. Det blei ikkje suksess for nokon av hoppene. Men i år tek Hvistendahl turen igjen med Rebella Mystic L, som han eig saman med sambygdingen Tor Lund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rebella Mystic L blir kuska av Hans Christian Holm og har fått spor nummer fem i sundagens finale. Hoppa har vunne eitt løp i karrieren og køyrd inn totalt 245 000 kroner.