Folkevandring til utruleg park
500 personar i alle aldrar hadde ein svært triveleg fredag då dei var med på den offisielle opninga av Hamaren aktivitetspark i Fyresdal.
I eit fantastisk vêr i Fyresdal fredag var det klart for å feire eit nytt og breitt aktivitetstilbod som alle kan bruke, også dei som går med barnevogn eller sit i rullestol. Det var ordførar Erik Skjervagen som fekk gleda av å opne Hamaren aktivitetspark framom svært mange frammøtte der anlegget startar rett bak skulen.
I dag kan du sjå ein del bilde frå parken, aktivitetane og stemninga, og du kan lese meir om saka i tysdagsavisa.