Får etablere flytebryggje

Nissedal formannskap gjev søkjar Torgeir Fossli på Fjone løyve til å etablere flytebryggje i Nisser. Han kan også setje opp fundament og fjerne stein som ligg i vatnet utanfor og rundt bryggja.

Bryggja kjem rundt 70 meter sør for gamle Fjone landhandel på grunn tilhøyrande ein annan person. Han har gjeve søkjar leigeavtale for tiltaket. Bryggja skal vere felles for fleire husstandar, og også ha båtplassar til utleige.