– Endeleg opnar me Granvin att
Denne veka opna treningssenteret Sterke-Nils, og dagleg leiar ved Granvin, Geir Jensen, håpar mange tar turen når kulturhuset opnar meir som vanleg seinare i august.
– Endeleg opnar me Granvin att, etter at me har halde stengt i fem månadar, seier Jensen.
Han fortel at Sterke-Nils senteret opna måndag denne veka med bemanning og gruppetimar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Cecilie og Mette ønskar velkommen til ein spanande haust. Det vil vere nokre avgrensingar på kor mange som kan vere med på gruppetimar, i tråd med reglar om smittevern. Dette vil og gjelde styrkesalen. Squashsalen vil bli nytta til treningsapparat og vil ikkje bli nytta til squash enno. Det tek nokre veker før alle gruppetimane er i gang. Me vil vurdere å auke talet på gruppetimar om det blir stor pågang, seier Jensen.
Fyrst ut er Knerten
Granvin kulturhus ønsker også publikum velkomne tilbake med besøk frå Bygdekinoen 16. august.
– Då visar me «Knerten og sjøormen» og «Min pappa Marianne». Frå måndag 17. august vil Granvin kulturhus halde ope som «vanleg», seier Jensen.
Han seier at dei for å følgje nasjonale råd rundt smittevern, vil det vere avgrensingar på talet på publikum som kan delta på ulike arrangement.
– Billettsal vil berre vere tilgjengeleg frå nettsida til Granvin kulturhus eller via appen eBillett. Årsaka til dette er at det då vil vere enklare å drive smittesporing om det skulle bli naudsynt, seier Jensen.
Han minner også om at biblioteket vil ha vanlege opningstider frå 17. august.