Fotballspelarane må ta smittevernkurs
Alle fotballspelarar over 13 år må ta eit obligatorisk koronakurs før dei får lov til å spele organisert fotball, melder Norges fotballforbund.
Kurset går over nett, er delt i to og startar med ein læringsdel før deltakaren må svare på fem spørsmål. Fotballspelaren må svare rett på alle spørsmåla for å få lov til å spele organisert fotball. Det skal ta om lag 15 minutt til saman.
Ungdomsspelarane må fullføre kurset i løpet av august, medan seniorspelarane (over 20 år) må fullføre kurset før dei byrjar å spele organisert igjen. Når kursa er klare må spelarane logge seg på minidrett for å gjennomføre prøva, og det er klubbane som har ansvaret for oppfølginga av spelarane.