Bed regjeringa utnytte samanbrotet
Vest-Telemarkrådet meiner regjeringa må utnytte samanbrotet i WTO-forhandlingane (Verdas handelsorganisasjon) til å sikre eit levedyktig landbruk i regionen.
Ordførarane i dei seks kommunane i Vest-Telemark og Hjartdal utgjer Vest-Telemarkrådet. Under samlinga tysdag valte rådet å kaste seg inn i kampen om ei ny avtale i WTO.
Noreg deltok under forhandlingane i Cancun då dei braut saman på forslag som ville tatt knekken på det norske landbruket. Bondelagsutsending Terje Riis-Johansen gav ordførarane ei orientering om forhandlingane, og sa klart frå at det nå er rette tida å få WTO inn i eit anna spor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit vere eller ikkje vere
Det er veldig lite fokus på WTO om dagane. Eg er overbevist om at internasjonale spørsmål kjem til å bli veldig relevante for ordførarjobben de gjer til dagleg. Nå trengst det at alle gode krefter jobbar saman om avtala. Noreg er avhengig av WTO, sa Riis-Johansen.
Er det nokon som bør ta tak i og kjempe for småskala landbruk, så er det Telemark, meinte Nissedal-ordførar Øyvind Tveit.
Me må vere eit press mot eigne styresmakter. Landbruket i Vest-Telemark er legitimiteten til denne regionen. Blir importvernet borte, vil ikkje norske bønder vere i stand til å konkurrere, sa Vinje-ordførar Arne Vinje.
Dette er eit vere eller ikkje vere for distriktslandbruket, la Tokke-ordførar Birger Nygård til. Han var oppteken av å få med endå fleire kommunar på ei uttale til styresmaktene.
Søkje støtte frå andre land
Utan å mukke valte rådet å sende krav til dei parlamentariske leiarane for partia på stortinget, landbruksministeren, utanriksministeren og statsministeren. Rådet forventar at styresmaktene nå utnyttar den sjansen som samanbrotet i Cancun har gjeve, til å få WTO-forhandlingane i eit anna spor.
Einsidig fokus på tollreduksjonar, frihandel, og globalisering er eit alt for snevert grunnlag å føre desse forhandlingane på. Noreg må aktivt søkje støtte blant andre netto-importerande land generelt, og u-land spesielt, for å syte for at retten til å produsere eigen mat blir tatt på alvor i dei vidare forhandlingane. Me forventar at regjeringa gjer denne jobben. Som ordførarar skal me også gjere vårt. Det betyr at næringsutvikling og nyetablering blir kjenneteiknet på framtidas landbruk i regionen vår, ikkje nedlegging og fråflytting, er den klare meldinga frå Vest-Telemarkrådet.
Dei sju ordførarane varslar på same tid at dei ikkje vil akseptere at Noreg godtek ei forhandlingsløysing som tvingar landet til å endre landbrukspolitikken som er bygd opp gjennom heile førre hundreåret.