Noregsrekord av Undone
Det blei ein stor tråvkveld for Telemark på Bjerke tysdag. Og i spissen for ei rekkje gode prestasjoner stod Fyresdal-hesten Undone. Hingsten til Petter Hvistedahl tangerte likegodt noregsrekorden for 3-årige varmblods i kvalifiseringa til Kriteriet.
Frå spor fem bak bilen prikka Undone og fast kust Johan Herbjørn Undem starten perfekt og stakk resolutt til tet. Sidan var det faktisk spel mot eitt mål. Vinnartida blei råsterke 1.14.1 over 2100 meter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Unghesten til Hvistedahl har berre gått sju løp i karrieren, men det blei tidleg klart at denne hesten er noko utanom det vanlege. Fem sigrar, ein andreplass og ein tredjeplass er fasiten så langt, og nå ventar altså finaleløpet på Bjerke 7. september. Der skal Noregs beste tre-åringar kjempe om ein fyrstepremie på 750 000 kroner. Etter gårsdagens kvalifisering seglar Fyresdal-hesten opp som ein av to klare førehandsfavorittar.
Men det var fleire telemarkingar som jubla på Bjerke tysdag. Stall Øverdal frå Drangedal sikra òg finaleplass med hesten Jet Voice. Den vann kvalifiseringsløpet sitt på tida 1.15.1 og møter dermed Undone på klasseløpssøndagen.
Tar me med at Sannidal-hesten Vesle Frøken Støen vann hoppekvalifiseringa til Derby (4-åringar) og at Stathelle-eigde Odd Herakles, trena av raulending Lars O. Romtveit, gjorde det same i open klasse kaldblods, ja så kan me trygt slå fast at travsporten i Telemark hadde ein framifrå kveld i Oslo.