Kraftig optimisme i handelsstanden
Store delar av handelsstanden i Vest-Telemark melder om omsetningsauke det siste året. Noko av årsaka til omsetningsauken handlar om ei bevisstgjering, meiner leiar i handelsstanden i Tokke, May Grete Øyane. Det ser ut til at næringsdrivande blir sett meir pris på nå enn før. Både fastbuande og turistar har blitt meir bevisste på at om dei ynskjer forretningar kring seg, må dei nytte seg av tilboda, uttalar Øyane. Marknadskoordinator ved Telesenteret, Dag Christiansen, meiner ein tøffare konkurransesituasjon i Vest-Telemark også slår positivt ut. Konkurranse skjerpar oss slik at me blir meir attraktive for kundane. På den måten gjev me kundane betre varetilbod, meiner Christiansen.
VTB har vore i kontakt med ulike næringsdrivande i Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje, og samtlege gjev uttrykk for at forretningane deira går betre enn før. Det er imidlertid bare Telesenteret i Seljord som viser til konkrete tal. Frå midten av mai i fjor og fram til nå har Telesenteret auka omsetninga med 3,7 prosent, noko som i fylgje marknadskoordinator Dag Christiansen utgjer to millionar kroner.
Det har også vore ein auke i kundemassen med 2,7 prosent på same tid. Me hadde svært bra auke i omsetninga i fjor, og bare i desember hadde med over 10,5 millionar i omsetning. Det er 5,1 prosent betre enn året før, opplyser Christiansen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner auken i hovudsak skuldast auka kjøpekraft blant folk, bevisst marknadsføring av senteret og tøffare konkurranse i regionen.
Konkurranse skjerpar oss slik at me blir meir attraktive for kundane. På den måten gjev me kundane betre varetilbod og det er med på å halde kundane i Vest-Telemark. Når det er sagt, trur eg me vinn mykje på den gode butikkmiksen me har ved senteret, uttalar Christiansen.
Særpreg som motto
Handelsstanden i Kviteseid gler seg på Telesenterets vegne. Sjølv er dei glade for at det ikkje finst nokon kjøpesenter i Kviteseid.
Det er ikkje kjøpesenter som er framtida. Alt nå ser me at mange kundar vil ha særpreg der dei handlar. Kundar ynskjer varer ein ikkje får alle andre stader. Og ikkje minst ynskjer kundane service, idyll og atmosfære. Og er det noko me har i Kviteseid er det atmosfære, uttalar Elisabeth Lid, Anne-Mette Lønning, Anne Asborg Bjørnflaten Tiseth, Elizabeth Wisland og Aasulv Råmunddal, alle næringsdrivande i Kviteseid-byen.
Samtlege butikkinnehavarar i Kviteseid som VTB har vore i kontakt med, er svært nøgde med fjoråret. Ingen av forretningane har konkrete tal å vise til, men alle er overtydde om at omsettinga har gått rette vegen.
Me er små, men me har sjel. Me kan aldri bli størst, men me kan bli best, seier kvintetten.
Også Anne Lise Sandok, leiar i Vinje næringslag, melder om ein oppsving hjå fleire næringsdrivande i kommunen.
Set meir pris på oss
May Grete Øyane, leiar i handelsstanden i Tokke, har arbeid som næringsdrivande i kommunen meir eller mindre sidan 1977.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er laga som om folk set meir pris på oss nå enn før. Det kan sjå ut som om folk i større grad nå enn før ser det viktige av å ha gode tilbod i nærmiljøet. På Dalen er me veldig godt nøgde med utviklinga det siste året. Ikkje minst utgjer turistane mykje av omsetninga vår, seier Øyane.