Vart teken for promillekøyring

Vest-Telemark tingrett har dømd ein vesttele i 60-åra til fengsel på vilkår, 8000 kroner i bot og at han mistar førarretten i eitt år etter at han køyrde bil med promille.

Det var ein februar-ettermiddag at vesttelen køyrde bil, trass i at han var påverka av alkohol.

Mannen i 60-åra skulle ein tur på butikken i Seljord sentrum etter arbeidstid, men punkterte på veg dit. Han såg ikkje punkteringa før etter butikkturen, men tenkte det ikkje var så alvorleg så han køyrde heimover på flatt dekk. På veg heim stoppa han i innkøyrsla og drakk eit par øl før han var heime. Då han kom heim drakk han meir øl og litt Baileys.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet kom på døra etter kvart, og mannen kjende seg temmeleg rusa, og synest ikkje det var lett å svare på spørsmåla dei stilte og forklaringa blei litt rotete, kan ein lese i vurderinga til retten.

I ettertid har mannen skjønt at det ikkje var rett å køyre bil frå innkøyrsla og inn til huset etter at han hadde drukke øl. Han visste ikkje at det var ulovleg å køyre så raskt etter at ein hadde drukke og kjente seg ikkje påverka.

Mannen erkjente straffeskuld i retten for å ha køyrd i påverka tilstand frå innkøyrsla og nokre meter opp til huset, med ei promille på rundt 0,5.

Vitnet i saka fortalde at han hadde sett at den tiltala kom køyrande på flatt dekk inn på parkeringsplassen utanfor daglegvarebutikken i Seljord. Vitne reagerte på tiltalte då han kom ut av bilen, då han opplevde han som noko ustø, og varsla difor politiet.

Vest-Telemark tingrett dømde mannen til fengsel på vilkår i 18 dagar, fullbyrdinga av straffa blir utsett med ei prøvetid på eitt år. Vesttelen må også betale ei bot på 8000 kroner eller sone denne i 15 dagar, i tillegg mistar han retten til å føre motorvogn for ein periode på 12 månadar. Ved atterverv av førarretten må vesttelen ta heilt ny førarprøve.

Vesttelen er ikkje tidlegare dømd.

Dommarfullmektig var Johanne Fjesme Nakrem, Tove Sollid Homme og Svein Forberg Liane var meddommarar.