Bygdekinoen viser desse filmane
Granvin kulturhus har opna att etter å ha vore koronastengt. Sundag 16. august viser dei familiefilmen «Knerten og sjøormen» og komedie-/dramafilmen «Min pappa Marianne». Måndag 17. august kan du sjå dei same filmane i Vinje.
I den nye filmen om Knerten (300 ½ år) og Lillebror (7) får me vere med på verdas beste sommarferie på den magiske sommarøya til Tante Thea, og me blir kjent med Eddy (8) og den sjølvutnemnde sjøormeksperten Blegen (omkring 40). Nokon har sett ein sjøorm i fjorden, og Blegen treng hjelp til å finne han. Men Knerten er skeptisk til både Eddy og Blegen. Sjøormar trur han ikkje på, og Eddy forstyrrar den planlagde symjeopplæringa. Når Lillebror vil på sjøormjakt vil ikkje Knerten vere med, for Knerten vil ha Lillebror for seg sjølv. Men kva om sommaren med Eddy blir tre gonger så artig? Og kva om dei greier å hjelpe Blegen med å bevise at sjøormen faktisk finst? Havet er jo så stort at ingen veit kva som finst der nede - ikkje ein gong Knerten! Saman legg dei ut på ei spanande jakt som gjer sommarferien til den mest eventyrlege dei nokon gong har hatt.
«Min pappa Marianne» er basert på ei sann historie. I 2010 kom den 58 år gamle svenske presten og trebarnsfaren Åke Roxberg ut som Ann-Christine. Han lever i dag som kvinne. Dottera Ester Roxberg skreiv ei bok om korleis det var å miste den eine forelderen og få ein annan. Filmen «Min pappa Marianne» blir skildra som ei varm historie om motet til å vere deg sjølv og lykka ved å bli elska for den du er. I filmen møter me Hanna (Hedda Stiernstedt) som nettopp har gjort slutt med kjærasten og vender attende til heimstaden for å jobbe som vikar på lokalnyheitene. Når den kjære far hennar, presten med det store skjegget, avslører at han verkeleg vil vere Marianne, blir Hanna si verd snudd på hovudet. For pappa Marianne er det ingen retur. Det er ei skremmande reise for Hanna som ikkje kjente verken seg sjølv eller faren så godt som ho trudde. Ei kjenslemessig historie om motet til å vere deg sjølv og lykka ved å bli elska for den du er. Hovudrollene blir spelt av Rolf Lassgård, Hedda Stiernstedt og Lena Endre. Mårten Klingberg er ansvarleg for regien. Rolf Lassgård (pappa Marianne) er kjent frå tallause roller. Han er ein av dei mest populære skodespelarane i Skandinavia og taklar det meste – frå velmeinande mamma i musikalen «Hairspray» til tøff politimann i «Jegerne» og gretten gubbe i den to gonger Oscar-nominert «En mann ved navn Ove». Hedda Stiernstedt (Hanna) spelte sist hovudrolla i SVT sin suksessrike dramaserie «Vår tid er nå».