Trufaste vestlendingar på Country´n
Den 11 countryfestivalen i Seljord er over. Det har vore ei musikkveke med regn, sol og søyle for festivaldeltakarane, men det skal mykje til for å snu humøret til vêrvande vestlendingar på Seljordsbesøk.
For ellevte gong har Countryfestivalen i Seljord blitt arrangert, og er den største i Norden i sitt slag. Det lokale bandet Ni Liv sette standarden onsdag kveld med to gode konsertar. Brennan Leigh (US) opna fredag kveld hovudscena, og leverte ei flott musikalsk oppleving. Åsmund Åmli band og Sie Gubba tok over hovudscena seinare på kvelden og fekk opp stemninga då om lag 5000 menneske song med på dei velkjente låtane.
Laurdag kveld var det Caroline Casey (US) som opna hovudscena, etterfylgd av spelemannsprisvinnar, Ida Jenshus. Amerikanarane James Intveld og Heybale spelte dei siste countrytonane ut i laurdagsnatta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Færre enn i 2008
Festivalleiinga melder om 28.500 besøkande på årets countryfestival, noko som er ein nedgang på 10 prosent i forhold til rekorden i 2008.
Vidare opplyser festivalleiinga at laurdag kveld hadde dei litt over 3.300 campingeiningar, derav 300 på Am-car campinga. Festivalen blei gjennomført utan store og alvorlege hendingar og ulykker, og festivalleiinga seier at dette kjem av høg fokus på tryggleik og beredskap.
Kvinnherad camping
Tusenvis av folk kjem frå alle fylke i landet for å oppleve festivalbygda i Vest-Telemark, og vestlendingane kjem i kommunevise flokkar. Dei er godt førebudd og har tatt med alt som trengs for å garantere festivalsuksess.
På campinga snublar VTB over ein gjeng frå Kvinnherad kommune i Hordaland. Team Kvinnherad er ikkje blyge og kan høyrast på god avstand. Hovudgrunnen til at dei er noko høglydte kjem av eit lite anlegg dei har med seg. Anlegget brukar dei ikkje til å spele av cd plater og mp3-filer, men dei lagar musikken sjølve.
Team Kvinnherad har med seg ein eigen lokal gitarist som heiter Rune Rang. Dei har òg ein mikrofon som gjeng litt på rundgang slik at alle som ynskjer får synge ein song. Rune er kjent med dei fleste countryslagarane som har blitt laga dei siste 50 åra, og kan han ikkje songen, tek det ikkje mange sekundane før Rune har kome seg i rette leia og spelar songen på «gefühlen».
Folket frå Kvinnherad syng den songen dei ynskjer å synge og fylgjer nødvendigvis ikkje countrysjangeren. Låtar frå pop og rock sjangeren kjem stadig, og ein av karane frå Kvinnherard prøvar å sjarmere ei jente med «You raise me up» av Secret Garden. Rune er med på tonane med ein gong for å auke oddsen til sjarmøren.
Rune har sjølv skrive fleire låtar i si tid, og nokre av dei har blitt populære blant vener og naboar på campinga. Songen om Tore Tang har mellom anna blitt omskrive til songen om Rune Rang.
Tidleg ute
Me reiste til Bø torsdag ei veke før festivalstart, og tok etter kvart inn på Nes Camping. Der venta me på at Countryfestivalen skulle starte. Me er ein gjeng på 30 personar, 18 frå Kvinnherad og resten er felles venner, seier Johannes Hjelmeland frå Kvinnherad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Johannes er ein av dei yngste på Team Kvinneherad, men har vore på Countryfestivalen fire år på rad. Han har teke med seg eit ukjent antall liter heimelaga cider som far hans har brygga, og seier at det er den beste cideren i verden.
Korleis har festivalen vore til no, og kva tenker du om regnvêret?
Det har vore heilt konge! Det gjer ingenting om det kjem litt regn. Det bryr me oss ikkje om, seier Johannes.
Kjem de tilbake neste år?
Klart me kjem tilbake neste år, og året etter det, seier Johannes.