Tradisjon blir halden i hevd
Hest og bil var sentralt på årets Kviteseidmarken.
Tråvsporten blei eit populært innslag på Kviteseidmarken i slutten av 1880-åra. Tråvarar frå heile fylket kjempa om heider og ære. I år er Øvre Telemark tråvlag 130 år og på Kviteseidmarken i helga var dei firbeinte som vanleg eit sentralt innslag i markensstemninga.
Arnt Hølland har gode minne frå iskøyring med hest. Det var slik han debuterte i tråvløp på Oftevatn og Sundkilen for nokre år sidan. Sidan har han hatt solide tråvarar som Kvitson (951 000 innkøyrde kroner) og Druasel (663 500) på stallen i Vefall i Ytre Seljord. For tida har ikkje Hølland hestar til start på tråvbanen, men til Kviteseidmarken hadde han med seg 4 år gamle Villdensky til Sundkilen-løpet laurdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oi, eg gløymte å dra øyrehetta, oppdagar kusken ti minuttar etter målgang.
Det siste grepet for å få ekstra fart på oppløpet påverka ikkje resultatet. Villdensky kryssa målstreken fyrst med god margin etter 1600 meter i konkurranse med tre andre hestar som heller ikkje har gått rikstoto-løp.
Han kunne starta som 3-åring, men eg ville vente. Han manglar litt fart. Lokalkøyringar er fine til å venne seg til løp. Når det vårast er han kanskje klar til start, seier Hølland.
Han er litt urutinert og feila frå start, men det gjekk greitt, held han fram, etter å ha motteke pokal og Kviteseidsmør i premie.
22 hestar stilte til start i dei totalt 6 løpa på isen. Hestar frå fem fylke deltok og åtte kommunar i Telemark var representert. Olav Teigland frå Vinje og fjordingen Sørlis Arga vann Markensløpet og blei kåra til løpets finaste ekvipasje.
Hestekrefter var eit stikkord for Kviteseidmarken. Tidlegare har NMK Vest-Telemark hatt billøp med fart og spenning på isbanen. Til årets marken var Autostrada frå Skien og Oslo på plass i Kviteseid med bilutstilling. Bestseljarar som Ferrari, Maserati, Bentley, Land Rover og Range Rove var å sjå i kommunesenteret, og etter tråvløpa var det showkøyring med bil på Sundkilen.
Sol og godt kaldt vintervêr skapte den perfekte ramma for Kviteseidmarken fredag og laurdag.
Me er svært godt nøgde med årets Kviteseidmarken. Det var mykje folk og god stemning. Den eldgamle markenstradisjonen blir halden i hevd, konkluderer Gunnar Ruud frå næringslaget i Kviteseid som står bak arrangementet.