Flaskehals fjerna for lokale matprodukt
Lokale matprodukt frå Telemark vert no tilgjengeleg over heile fylket takka vere etablering av to nye distribusjonsruter. Produsentar i Vest-Telemark seier distribusjonen har vore ein flaskehals for å kome ut i marknaden.
Årleg sender Aketun Fisk i Fyresdal ut mellom 12 og 15 tonn med lokalforedla produkt med utgangspunkt i rusefiske i Fyresvatnet. Jonny Aketun seier at manglande distribusjonsopplegg er eit hinder for vidare vokster for verksemda han har bygt opp og driv saman med kona Ingebjørg i Fardal.
Så lenge me har drive med fiskeforedlinga har det vore ei stadig utfordring å få varene ut til kundane. Avstandane er store frå Fyresdal. Til no har me teke hand om transporten sjølve. Denne køyringa tek tid og kostar mykje pengar, seier Jonny Aketun som no vil undersøkje med Fylkesmannen korleis det nye distribusjonsnettet vil fungere.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiv Bjørge i Seljord driv iskremproduksjon med mjølk frå gardens telemarkskyr. I fjor vart det seld is for 130.000-140.000 kroner, og produktet får god mottaking i marknaden. No ser Bjørge for seg ein monaleg auke i produksjon og sal når eit godt distribusjonsnett er på plass.
Etter at distribusjonen kom på plass har eg vore på ein salsrunde og har mellom anna fått god respons på isen me lagar på fleire store hotell i Vest-Telemark. Snart skal eg til Oslo og vitja gourmetrestauranten på Operaen med iskremen, fortel Leiv Bjørge.
Opnar for ekspansjon
I fylgje Bjørge gjer skikkeleg distribusjon det mogleg å kome opp på eit produksjonsnivå som gjev god lønsemd for dei mange produsentane av lokal mat.
Det hadde vore vanskeleg og lukkast som småskalamatprodusent om ikkje Mat frå Telemark BA hadde fått på plass distribusjonsavtale med to distributørar som saman dekkjer heile Telemark. Hjå oss er det ikkje vanskeleg å auke iskremproduksjonen. Råvare i form av mjølk frå telemarkskua er ikkje noko problem. I fjøset står det no 13 kyr, men det er plass til 16, seier Bjørge.
Når iskremsalet er på plass fortel Leiv Bjørge at han vil sjå nærare på sal av kjøtprodukt frå telemarksrasen. Her vert det aktuelt med eit utviklingssamarbeid med prøvekjøkenet for småskalamat på Dyrskuplassen.
God distribusjonskapasitet
Rådgjevar Bob Gottschal hjå Fylkesmannens landbruksavdeling seier at distributørane vil hente produkt frå lokale produsentar og levere til butikkar, hotell og restaurantar.
Lokale matprodusentar får no ein monaleg betre situasjon til å utvikle levedyktige verksemder. Hovudutfordringa vert å få økonomi i det nye distribusjonssystemet. Difor er det viktig at flest mogleg av produsentane pliktar seg til å nytte denne løysinga. Bilane har kapasitet til langt fleire produkt enn det som er med no i starten, seier Gottschal.
Go´Mat Distribusjon & Agentur dekker nedre og austre delen av fylket, medan firmaet Rett ANS i Seljord dekker Vest-Telemark. Opplegget er eit supplement til distribusjonsavtala som er på plass mot Oslo-marknaden. Bilane til Holte gard i Drangedal køyrer innover mot hovudstadsområdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein viktig konsekvens av den løysinga me har fått på plass er at lokale matprodukt frå Telemark vert tilgjengelege i heile fylket. KSL Matmerk jobbar elles med å få til ei landsdekkande løysing for distribusjon av lokalmat-produkt. Når dette vert klart, vil produkt frå Telemark kunne transporterast ut i heile Noreg, fortel Bob Gottschal.