Fjerdeklassingane ved Tokke skule gjekk heilt til topps i årets Nysgjerrigpertevling.
Fjerdeklassingane ved Tokke skule gjekk heilt til topps i årets Nysgjerrigpertevling.

Tokke skule vann Nysgjerrigpertevling

Fjerdeklassingane ved Tokke skule gjekk heilt til topps i årets Nysgjerrigpertevling. Elevane forska på kvifor kvitveisen let seg farge blå, men ikkje raud og grøn.

Jubelen stod i taket då elevane i dag fekk beskjed om at dei hadde gått heilt til topps i tevlinga. Heile 150 prosjekt var med i årets Nysgjerrigpertevling. Elevane fekk i dag besøk frå Norges forskingsråd, og elevane fekk overrekt både medaljar, diplom og pengepremie.

– Elevane forska på kvitveisen og kvifor han berre let seg farge blå, men ikkje kvit og raud. Dei har forska på noko ekte forskarar ikkje kunne gje ei forklaring på, skriv Nysgjerrigper-redaksjonen i Norges Forskingsråd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Visste dei var i finalen

Det var for om lag to veker sidan elevane fekk vite at dei var med i finalen i årets tevling. Forventningane var høge, men samstundes nøkterne.

– Det er klart me siktar mot gull, men me er glade for å vere i finalen, sa elevane då.

Det var ved å farge vatnet dei sette kvitveisane i med høvesvis blå, raud og grøn konditorfarge at dei fann problemstillinga. Slikt blir det forskingsprosjekt av, og no gjekk altså elevane med klassestyrar Ellen Metveit til topps i den prestisjetunge tevlinga Årets Nysgjerrigper.

Du kan lese meir her.