Nav-leiar Olav Aalandslid, Olav Bergskås, Jorunn Manheim Torjussen, Tone Syftestad, Anne Oddny Foldøy, Bente Angre og Venke Haugen.
Nav-leiar Olav Aalandslid, Olav Bergskås, Jorunn Manheim Torjussen, Tone Syftestad, Anne Oddny Foldøy, Bente Angre og Venke Haugen.

– Hadde ikkje kome meg tilbake åleine

Jorunn Manheim Torjussen, Bente Veisene Angre og Olav Bergskås har til felles at dei etter lang tids sjukmelding no er tilbake i arbeid.

Bente Veisene Angre (48) frå Flatdal har i mange år hatt problem med ryggen. I fjor vinter fekk ho ny prolaps. Ho har tidlegare vore på Kysthospitalet, men hadde ikkje lyst på eit nytt opphald der. Derfor passa det godt med det nye tiltaket ved Seljord Personal. Veisene Angre var ein av dei fyrste som fekk prøve Arbeidsretta rehabilitering (ARR) ved attføringsbedrifta.

Ho er full av lovord om ARR, og trekkjer fram eit variert tilbod som viktig. Veisene Angre viser til eit allsidig treningsprogram og at ho har lært at smerte ikkje er farleg. I dag er ho tilbake i SFO- og barnehagejobben, og ho prøvar å bruke det ho lærte i vekene hos Seljord Personal AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg prøvar å halde meg i aktivitet og går mykje. Bensintanken på bilen varer no i to månader, trekkjer ho fram som eit eksempel.

Var skeptisk

Jorunn Manheim Torjussen (37) frå Seljord gjekk lenge med ryggproblem før det blei tatt tak i. Ryggproblem er ikkje like synlege som til dømes beinbrot.

– Dei som ikkje har vore borti ryggproblem, kan ikkje forstå korleis det er, seier Manheim Torjussen.

Ho var litt skeptisk på den fyrste samlinga i ARR der tema var «kommunikasjon og samhandling».

– Eg tenkte at dette ikkje var noko for meg, det var ryggen eg hadde vondt i. Men det tok berre fem minuttar før eg blei positiv, fortel ho.

Ho skryter av måten ho blei tatt imot på av losane i Seljord Personal, og av utbytet ho har fått av treninga. Manheim Torjussen avslutta opphaldet i attføringsbedrifta i oktober, og er no tilbake i barnehagejobben. Ho veit at ryggen kan slå seg vrang att.

– Men no føler eg meg betre rusta til å takle ryggproblem, seier ho.

Vurderte trygd

Bøheringen Olav Bergskås (52) frykta han kom til ei produksjonsbedrift då han fyrste gongen tok turen til Seljord Personal. Han hadde gått sjukmeldt nesten eitt år, og sjølv om han heldt seg i aktivitet med ulike hobbyar, ville han tilbake til arbeidslivet. Tankane om å søkje trygd blei slått bort. Det er han glad for i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein blir lei av å gå heime. Det er heilt topp å vere tilbake i eit arbeid som eg kan. Om ein klarer å jobbe er arbeid utan tvil den beste medisinen, meiner Bergskås som jobbar med hogst- og flismaskin og køyrer lastebil.

Etter opphaldet på arbeids- og rehabiliteringstiltaket i Seljord har han lært om både trening og kor viktig det er med eit godt kosthald. Usunt kosthald kombinert med diabetes er ein dårleg kombinasjon. Han har no lagt om kosthaldet og fått kontroll på blodsukkeret. Dessutan er han opptatt av å halde seg i aktivitet. Det har også kollegaer fått merke.

– For å få meg ein tur om morgonen parkerte eg hogstmaskina langt avgarde. Då ein annan skulle ha hogstmaskina neste dag, undra han fælt på valet av parkeringsplass, smiler Bergskås.

Han meiner det er viktig at regjeringa stør opp om attføringsbedriftene og kjem med midlane som trengst. Bergskås meiner det er ei god investering å få folk tilbake til jobb.

– Dette er eit eineståande tilbod som må bestå, meiner han.

– Eg hadde nok ikkje klart å kome tilbake i arbeid åleine, seier Bergskås.

Får dei fleste tilbake i arbeid

87 prosent av dei som var innom tiltaket Arbeidsretta rehabilitering ved Seljord Personal i 2009 er no tilbake i anten løna arbeid, utdanning eller på hospiteringskontrakt.

Arbeidsretta rehabilitering (ARR) var nytt hos attføringsbedrifta i fjor. Tiltaket rettar seg mot menneske som treng støtte på vegen tilbake til arbeidslivet. Tone Syftestad, Venke Haugen og Anne Oddny Foldøy er tilsette som vegleiarar eller losar i Seljord Personal, og dagleg leiar Olav Moen er ikkje i tvil om kva som er årsaka til dei gode resultata.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kompetanse, er den korte, men konsise fasiten frå Moen.

Totalt var 31 personar innom tiltaket ARR i løpet av 2009. Av desse er 18 tilbake i løna arbeid. 7 personar er i eit utdanningsløp og 2 er på hospiteringskontrakt der Nav dekkjer utgiftene. Berre 4 er framleis utan virke.

– Attføring er ein vanleg del av livet me lever. Mange må ein eller annan gong innom attføring, seier Olav Moen.

Eit viktig punkt er å avdramatisere kroppslege plagar, og vise at ein trass i plagene kan fungere. Mange legg avgrensingar på seg sjølve på grunn av smerter.

– Smerter tek stor plass i livet. Me er opptatt av å få fokus bort frå plager. Det er viktigare å fokusere på dei 80 prosentane som ikkje gjer vondt, seier Anne Oddny Foldøy.

– Men kunden skal alltid vere i førarsetet på sitt eige liv, understrekar ho.

Farleg med passivitet

– Eit viktig spørsmål er å finne ut kva som gjev og tek energi. Det er viktig å få kundane bevisste på dette. Ofte går ein på autopilot, og det er viktig å stoppe opp når ein går i motbakke, held ho fram.

Venke Haugen legg til at kropp og sinn heng saman.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tiltaket er det både individuelle samtalar og arbeid i grupper. Deltakarane i ARR blir utfordra til å prøve.

– Det er ikkje farleg å prøve, men passivitet er farleg, seier Venke Haugen.

Olav Moen trekkjer fram trivsel som eit nykelord.

Det er Nav som kan vise sjukemeldte til ei attføringsbedrift. Etter ei grundig samtale blir det sett opp ein plan for den neste månaden. Aktivitet føregår stort sett utanfor attføringsbedriftas fire veggar. Det kan vere symjing i bassenget, spinning på Granvin eller turar. I tillegg er undervisning med ulike tema som fysisk aktivitet og helse, rettar og pliktar for sjukemelde og kosthald.