Eit ingeniørfirma har slått fast at bygg på Berlimoen ikkje er tilfredsstillande konstruert.
Eit ingeniørfirma har slått fast at bygg på Berlimoen ikkje er tilfredsstillande konstruert.

Har fått på pelsen av fleire instansar

Ein stor pelsdyreigar på Berlimoen pelsdyrområde har fått på pelsen av Nissedal kommune grunna bygningsmessige forhold. I lang tid har kommunen venta på at det skal bli ordna opp, men eigaren skaffar ikkje nødvendig dokumentasjon.

For ei tid tilbake kjøpte Jon Gjesdal frå Sandnes ein stor pelsdyrfarm på Berlimoen i Haugsjåsund sør i Nissedal kommune. Den nye eigaren bygde fem pelsdyrhallar ved sida av alt etablerte pelsdyrskur. Nissedal kommune synfor pelsdyrgarden i januar 2008. Eigaren blei varsla om at kommunen ville sjå nødvendig dokumentasjon for prosjektering og kontroll når det galdt fundament, stabilitet, dimensjonering av trekonstruksjonar og vindavstiving.

I eit møte kommunen hadde med eigaren kunne han ikkje dokumentere prosjektering av tiltaket. Vidare står det i kommunale papir at tiltakshavar blei orientert om at Berlimoen er regulert som pelsdyrområde, og ikkje for opphald av menneske.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er på det reine at det bur folk inne på området, står det i papira.

– Ikkje tilfredsstillande

Kommunen sette vilkår om at eigaren må engasjere kvalifisert hjelp for å få fram dokumentasjon innan prosjektering og kontroll av pelsdyrhallane. Eit anna vilkår som måtte oppfyllast innan 11. april 2008, var at det blei slutt på busettinga i pelsdyrgarden.

Eit ingeniørfirma som skulle hjelpe eigaren med den bygningsmessige dokumentasjonen, fekk forlenga fristen med to månader. Kommunen måtte elles purre på ei tilbakemelding om buforholda, etter at svarfristen hadde gått ut ein månad før.

9. juni 2008 kom ingeniørfirmaet med tilbakemelding der ein slo fast at bygga ikkje er tilfredsstillande konstruert med tanke på snømengder.

– Det svakaste punktet er takåsar. Dei må forsterkast og det same gjeld søyler og bjelkar, skriv firmaet til kommunen.

– Vidare arbeid av oss blir avtala fortløpande med eigaren, heiter det til slutt.

Juridisk hjelp?

25. februar i år sender det interkommunale plankontoret eit brev til pelsfarmeigaren om at rapporten frå ingeniørfirmaet har stadfesta at fem pelsdyrhallar er oppført utan tilstrekkjeleg prosjektering. Vidare varsla kommunen at tiltaket er søknadspliktig. Ein bad om å få tilbakemelding mellom anna om kven som er ansvarleg søkjar.

– Nokon må ta ansvar overfor styresmaktene. Frist for å levere søknad er 30. april 2009, varsla kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. juni gav ingeniørfirmaet tilbakemelding om at dei har fått oppdraget som ansvarleg søkjar. Vidare blir det opplyst at med omsyn til kontroll av utføring er det nødvendig at ein har ei synfaring fyrst. Tidspunkt for dette blir avtala fortløpande med eigaren, svara firmaet.

Ei slik framdrift vil ikkje kommunen godkjenne, og set frist for innsending av nødvendige søknadsdokument til 26. juni.

– Søknaden vil få høg prioritet når det gjeld handsaming, slik at eventuelt nødvendig arbeid og utbetringar kan vere fullført innan vinteren kjem, avsluttar kommunen.

Nok ein gong har pelsfareigaren ikkje svara innan fristen. Etter ferien går kommunen vidare med saka, og må truleg innhente juridisk vurdering.

Også dyrevernssak

Den store pelsdyrhaldaren på Berlimoen har no også fått ei dyrevernsak på nakken. For få veker sidan fekk Mattilsynet tips om ikkje heilt gode forhold i pelsdyrfarmen. Straks etterpå møtte ein person frå dyrevernnemnda og to frå Mattilsynet opp for å sjekke saka nærare og skaffe seg dokumentasjon.

Etter inspeksjonsrunden er det sendt ein rapport til pelsdyrfarmeigaren frå Sandnes. Sakhandsamar Per Helge Seltveit i Mattilsynet kan ikkje seie noko om kva som står i rapporten, sidan saka gjeld personlege forhold og derfor ikkje er offentleg. Forvaltingssaka blir ikkje offentleg før ho eventuelt endar hos politiet. Men dit er ikkje saka sendt.

– Om det ikkje er lovbrot i denne saka, kunne du ha stadfesta det overfor VTB?

– Ja, svarar Seltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då ei slik stadfesting ikkje kjem, betyr det at pelsdyrfarmeigaren har fått på seg ei dyrevernsak utfrå lovbrot i dyrevernforskrifta.

Framover blir det ei forvaltingsmessig oppfylging av saka med fristar for utbetringar og nye inspeksjonar på pelsdyrfarmen.

Dermed har eigaren fått nok ei fluge i suppa. På eit folkemøte i Haugsjåsund i vår var det stor irritasjon blant mange innbyggjarar over flugeplaga frå pelsdyrområdet. Miljøplaga skal seinare tida ha betra seg monaleg.

VTB har prøva å fått kommentar frå pelsdyreigaren om dei ulike sakene på Berlimoen, men han vil ikkje uttale seg.