Frank E. Lien har bidrege med historier til mang ei bok. I går kveld blei han sjølv historisk, skrive inn i boka der det stå 18 kulturprisvinnarar frå før.
Frank E. Lien har bidrege med historier til mang ei bok. I går kveld blei han sjølv historisk, skrive inn i boka der det stå 18 kulturprisvinnarar frå før.

Påskjønna historiesankaren

I går kveld fekk Frank E. Lien kulturprisen i Nissedal for eit enormt friviljug arbeid med å samle historier og bilde.

– Eg var ikkje klar over at det var utdeling av kulturpris i år. Det er klart eg blei overraska over at eg skulle få prisen. Det er ei stor ære og gildt å få ei slik påskjønning.

Orda kjem frå Frank E. Lien, som fredagskvelden var eit midtpunkt på kulturkvelden i Treungen då kulturprisen i Nissedal blei delt ut for 19. gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein kulturpris er ikkje noko ein kan ta for gitt. Prisen skulle eigentleg vore delt med mange, seier Lien.

Han har vore på ulike stader i kommunen saman med andre som også har bidrege med å få fram historier og bilde. Sjølv trur Lien han har samla inn fleire tusen historier på fritida.

– Det er moro. Gørrmoro. Slik som dei har det dei som samlar på myntar og frimerke. Ja, ja, eg samlar på myntar også …, humrar Lien.

Livsstil

Interessa for historier starta då 61-åringen var i 20-åra. Han hadde fått tak i bygdeboka «Gard og ætt», skrive av Kjell Åsen.

– Eg sat oppe heile nettene, det var så ille, seier Lien om det lokale verket som fanga han til dei grader.

Lien masa ei stund så mykje på Statsarkivet om slekta si, at han måtte bruke ulike namn då det blei skrive brev til dei.

– Det er mykje arbeid å leite i kyrkjebøkene. Statsarkivet blei lei meg, seier Lien med eit smil.

Ein del år har han vore hovudpersonen bak «Gamalt og nytt frå Nissedal».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Redaktør kan ein vel seie med eit fint ord, humrar Lien.

I årevis har han også samla mange gamle bilde.

– Men eg har mista mange, for eg har ikkje vore på lag med torevêret. Pc-en gjekk fleire gonger. Men ein kan ikkje gje seg, seier Lien.

Då tenkjer han ikkje bare på bilde, men også arbeidet med å samle historier.

– Eg har ikkje planlagt nokon slutt på det arbeidet. Det er ein livsstil, og den har eg ikkje tenkt å kome meg ut av. Noko må ein finne på, seier Lien, ei gledeleg utmerking rikare.

Har fascinert ordføraren

I går kveld delte Nissedal-ordførar Halvor Homme ut kulturprisen til Frank E. Lien på ein kulturkveld i fleirbrukshuset i Treungen.

– Kulturprisen har ei høg stjerne i Nissedal. Gjennom mange år har prisen blitt delt ut til flotte og verdige kulturberarar i kommunen, og slik vil det også vere i dag, sa ordføraren på kulturkvelden.

Kulturprisen skal gå til nokon som har gjort ein kulturell innsats utover det vanlege innafor det utvida kulturområdet, og formannskapet avgjer kven som skal få utmerkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne mannens interesse og engasjement for historia i Nissedal har fascinert meg meir enn ein gong. Han har eit utruleg godt minne for dei utallige historiene som har blitt han fortald rundt om i kvar ein krok i Nissedal. Ikkje mange, om nokon, sit med så mykje lokalhistorie samla, både digitalt og eg trur nok også svært mykje er lagra i hans eiga lokale minnebrikke, sa ordføraren, før overrekkinga og stor applaus blant alle frammøtte i fleirbrukshuset.