Gjertrud Sandland hjelper til under lemminga på Breiset. Innimellom fødslar blir det også tid til litt kos med eitt av dei i år 795 forventa kvitkrulla nøsta på garden.
Gjertrud Sandland hjelper til under lemminga på Breiset. Innimellom fødslar blir det også tid til litt kos med eitt av dei i år 795 forventa kvitkrulla nøsta på garden.

Nokre legg ned – andre satsar større

På Breiset er det alt anna enn rolege dagar og nettar for tida. Litt over 300 vinterfôra sau ventar lam. Og då går det i eitt hos fulltidsbonde Tor Einar Lid.

Litt før klokka åtte møter VTB Gjertrud Sandland i fjøsdøra på Breiset. Ei søye som har lemma skal flyttast frå fødebingen til ei ny inngjerding, og Gjertrud har eitt lam under kvar arm. Deretter er det søya sjølv som skal flyttast. Ein kan fint hoppe over styrkeøkta denne morgonen. Her er det bare å kjøre på, og vise kven som er sjefen.

I laurdagsutgåva av VTB stod det at det blei talt 13 000 sau i Vest-Telemark ved årets inngang, eit tal som viser 4 800 færre dyr enn for 15 år sidan. Nedgangen av sauebønder har vore størst i Vinje kommune. Men trass i nedgang satsar nokre få, slik Tor Einar Lid har gjort på Breiset i Øyfjell. Garden hans ligg i Tokke, like over grensa til Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les om småbruka som forsvinn

Lid er ein av dei aller største sauebøndene i Telemark og har litt over 300 vinterfôra sau på garden.

Hjelper bonden

Gjertrud ser på klokka, ho tikkar mot åtte og det er på tide å vekke sjefen sjølv, Tor Einar Lid. Han har fått nokre timar søvn medan Gjertrud har tatt i mot lam.

Sjølv om det er mange dyr på Breiset, merker ein at dei er sosiale og vand med mykje kos frå folket på garden.
Sjølv om det er mange dyr på Breiset, merker ein at dei er sosiale og vand med mykje kos frå folket på garden.
Sauebonde Tor Einar Lid får hjelp av Gjertrud Sandland i lemminga, og etter ei natt med mykje aktivitet i fjøset må bonden bli oppdatert på kva som har skjedd.
Sauebonde Tor Einar Lid får hjelp av Gjertrud Sandland i lemminga, og etter ei natt med mykje aktivitet i fjøset må bonden bli oppdatert på kva som har skjedd.
Sjølv om det er mange dyr på Breiset, merker ein at dei er sosiale og vand med mykje kos frå folket på garden. Her frå «barnehagen».
Sjølv om det er mange dyr på Breiset, merker ein at dei er sosiale og vand med mykje kos frå folket på garden. Her frå «barnehagen».
Koppelamma i «barnehagen» får varm mjølk frå ein plastsutt på veggen.
Koppelamma i «barnehagen» får varm mjølk frå ein plastsutt på veggen.
Leikne små kvitkrulla krabatar som sprett rundt er eit sikkert vårteikn.
Leikne små kvitkrulla krabatar som sprett rundt er eit sikkert vårteikn.

– Det er fjerde året eg hjelper Tor Einar i lemminga, og eg er her når me klypper også for å rydde bort ull, fortel Gjertrud.

Til dagleg arbeider ho ved miljøheimen i Åmot. Ho har turnusarbeid, og difor har ho høve og glede av å vere jordmor på garden rett før Øyfjell sentrum i den mest hektiske tida i løpet av året.

– Det blei litt tungt for Tor Einar å ta lemminga åleine, så far min kom med eit forslag om at eg kunne hjelpe han. Slik blei det, seier Gjertrud som sjølv har litt erfaring med sauedrift frå heimgarden i Kvålsgrend.

 

Tor Einar har vakna og får siste status i fjøset frå Gjertrud. Kva søyer har lemma, kom det like mange som venta, eller blei det færre?

Tor Einar nemner eit nummer. Har ho lemma?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, svarar Gjertrud, og ramsar opp fleire lam som har kome gjennom nattskiftet.

– Eg forstod det hadde vore hektisk, for sofaen er ikkje bruka, registrerer han med eit smil før han får vidare oppdatering medan han stig inn i kjeledressen for å ta fatt på dagens arbeidsoppgåver.

– Eg byrja med sau då eg var elleve år, og har hatt høgt lammetal i mange år. Det blei skanna 795 lam i år, så det er venta eit snitt på 2,55 lam per søye denne våren, fortel Tor Einar på veg ut i fjøset.

Gjertrud informerer vidare om nattas hendingar. Eit lam klara ho dessverre ikkje å redde.

– Nei, slik er det, stadfestar bonden som kom i gang med lamminga 20. april i år. Sidan har det vore hektiske dagar.

Han merkar endringar ettersom han har auka talet på dyr i fjøset.

– Det var meir kos tidlegare då me hadde færre dyr. Nå blir det meir produksjon, seier han, og legg til at det er godt å få hjelp av Gjertrud i fjøset.

– Det er greitt å ha litt hjelp. Dess høgare lammetalet er, dess meir arbeid må ein gjere, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sekslingar

Søyer i dag kan få mange lam. Det skjer at det kan kome både fire-, fem-, seks-, sju- og åttelingar i eit sauefjos. For fyrste gong blei det fødd sekslingar, som alle klarte seg på Breiset denne våren.

– Det blei litt for mykje for søya, så nå er tre av lamma flytta til «barnehagen». Ja, den må de sjå, inviterer Gjertrud.

Me fylgjer etter opp i andrehøgda. Ein liten flokk kvitkrulla nøste brækar glade då avløysaren stig inn til dei. Her veit dei det er mykje kos å få.

Ho fortel at det ikkje var så mange koppelam på Breiset tidlegare. Ein sytte for at ein fekk plassert lamma hos andre mødre.

– Me har ei slik adopsjonsavdeling bak her, smiler ho, og viser søyer som har fått bonusbarn inn i grinda til seg.

– Det har kome tåtemaskin på Breiset nå. Her er det ein tank som varmar mjølka i rett temperatur for lamma. Vil dei ha drikke går dei bort til automaten, men ein må sjølvsagt fylgje med heile tida uansett, fortel ho og stig vidare bort til ein ekstra binge innanfor «barnehagen». Ein tynn liten bylt av eit lam blir forsiktig lyfta opp, kjælt og kosa med.

– Han vesle her fekk lungebetennelse. Men han kjem seg no, har ete betre og verkar sprekare i dag. Her gjer me alt me kan for å redde alle, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjertrud rosar bonden på Breiset.

– Tor Einar er så dyktig. Han kan så mykje og eg lærer utruleg mykje av han.

I fjor skreiv Nortura ein artikkel om bonden på Breiset som produserer topp resultat og i 2013 leverte 97,7 prosent stjernelam til slakteriet. Lid er ein av dei aller største sauebøndene i Telemark, og meiner at lammetalet er avgjerande for at ein skal kunne drive som fulltidsbonde.

Ut på beite

Bonden på Breiseth driv jord både i Øyfjell, Høydalsmo og i Lårdal. Og det er til Lårdal dei fyrste lamma blir frakta, der har våren kome lengst.

– Lamma kan ut på beite etter nokre veker, eller det kjem faktisk litt an på kor flinke mødre dei har, om dei får nok mat og klarer seg godt, seier Gjertrud, før ho hastar vidare til fødsel nummer 35 på denne utvida nattevakta på Breiset.

Les fleire landbrukssaker her: 

Treng både små og store gardar

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein gong var det kyr på kvar ein gard

Skuffa over jordbrukstilbodet