Trafikkulykke i Vinje
To personar er skadd og ein person sit fastklemt, men skadeomfanget er framleis ukjent.
EIn lastebil og ein bil kolliderte i nærleiken av Bøgrend i Vinje fredagskveld. Politiet fekk melding om ulykka rett etter klokka 1900. Alle naudetatane rykka ut til staden.
Politiet melder at to personar er skadd, og ein person sit fastklemd, men at skadeomfanget framleis er ukjent. To luftambulansar er på staden.
Artikkelen held fram under annonsen.
2045 melder politiet at ein person blir frakta til Haukeland sjukehus og ein til Skien sjukehus med luftambulanse, men skadeomfanget er framleis ukjent.
Politiet er ferdige med arbeidet på ulykkesstaden, og vegen er open igjen.