Ny elgku påkøyrd på E134 i Morgedal
Fredagsmorgonen blei ei elgku påkøyrd på E134 i bakkane ned mot Morgedalstjønni.
– Dette var nok ein gong ei stor ku som hadde kalv. Det vart store skadar på bilen. Føraren blei køyrd til legesjekk. Elgen døydde i samanstøyten, melder miljø- og utmarkskonsulent Audun Aasmundtveit i Kviteseid kommune.