Per Sandberg (Frp, t.h.) kunne ta Per Olaf Lundteingen (Sp) i handa på at matkvalitet kostar, og derfor må prisane på norske matvarer opp. Bak t.v. Ingebrigt Steen Jensen, t.h. Ivar Gaasland.
Per Sandberg (Frp, t.h.) kunne ta Per Olaf Lundteingen (Sp) i handa på at matkvalitet kostar, og derfor må prisane på norske matvarer opp. Bak t.v. Ingebrigt Steen Jensen, t.h. Ivar Gaasland.

Rørande semje mellom «ur-Sp» og «ur-Frp»

Per Olaf Lundteigen, Sp, og Per Sandberg, Frp, braka saman i landbrukspolitisk duell på Dyrsku’n. Politisk grunnleggjande usamde – men samde om å styrkje jordbruket.

Nå ja, heilt samde om kva som må til for å styrkje norsk jordbruk var dei ikkje. Men dei sytte begge for ein frisk debatt, representantane for «ur-Senterparteit» og «ur-Framstegspartiet», slik debattleiar Terje Svabø presenterte dei på Dyrsku-scenen fredag.

«Kvifor ha landbruk i Noreg når me kan importere så mykje billigare?» var temaet Svabø utfordra debattantane på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Per Sandbergs ønskte å gje bøndene lov til å produsere meir mat. Per Olaf Lundteigen slo fast at det ikkje er samsvar mellom ord og handling frå Frp og regjeringa. Han bad Sandberg gje regjeringa beskjed om å gjera det forbode å blande antibiotika i kyllingfôr. Altså, hovudsaka hans var at norsk mat skal vera trygg.

– Det går for sakte å omstille norsk landbruk, meinte Sandberg. Lundteigen var misnøgd med at stadig mindre av norsk matproduksjon er tufta på det som veks i Noreg.

– Me importerer fôr frå Brasil. Derfor blir mattryggleiken dårlegare, slo Lundteigen fast.

– Nesten ein menneskerett

Etter duellen mellom dei to ytterkantane i landbrukspolitikken blei debatten utvida med Lars Petter Bartnes, leiar i Bondelaget, Ann Merete Furuberg, leiar i Småbrukarlaget, Ingebrigt Steen Jensen, som før debatten hadde halde opningstala til årets Dyrsku, og forskar Ivar Gaasland.

Gaasland gjekk friskt ut og slo fast at det var heilt ok med norsk jordbruk – «viss folk slepp å betala ekstra for maten. Det er nesten ein menneskerett», sa han. Og viste til 400 prosent tollsats på laks.

– Noreg bør heller konsentrere seg om produksjonar der me har fortrinn, sa Gaasland. Han viste til at bonden får 0,5 million pr. årsverk i tilskot, og har att bare halvparten i løn.

– Det betyr ineffektivitet, slo Gaasland fast. Han var svært kritisk til at jordbruket i Noreg får 20 milliardar kroner i støtte.

Auka gjeld for bonden

Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes viste til at statstilskota til landbruket førde til sysselsetjing til ein verdi av 140 milliardar, fordelt over heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ann Merete Furuberg var oppteken av mattryggleik. At Noreg må produsere mest mogleg av maten sin sjølv.

Medan Sandberg viste til at investeringane i jordbruket har auka dei siste to åra, kontar Furuberg:

– Det einaste som har auka er gjelda til bonden. Politikken til Høgre/Frp-regjeringa har bare blitt betre for dei som vil ut av næringa, sa ho.

Samde Frp-Sp-karar

Både Furuberg og Per Olaf Lundteigen var opptekne av kvaliteten på maten, trygg mat. Noko Ingebrigt Steen Jensen, som understreka at han slett ikkje var kjent med bondenæringa, korkje dei økonomiske vilkåra eller den praktiske kvardagen. Men han minna om at ein i Danmark ikkje får koka egg til frukost på hotella – fordi egga ikkje er frie for salmonella.

– Kvalitet kostar. Einig, Per Sandberg? sa Lundteigen.

– Ja, svara Sandberg.

– Det betyr at prisane på norsk mat må opp. Einig? heldt Lundteigen fram.

– Jo, svara Sandberg nok ein gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og la til at dei to kunne gå saman i regjering.

– Skal Lundteigen og Sandberg lykkast må dei ikkje bare stimulere til stordrift. Er «robust» synonymt med stordrift? spurde Bartnes, og minna om at store bruk er avhengige av importert fôr.

Gaasland minna om at alle partia på Stortinget, over lang tid, har gjeve støtte pr. produsert eining.

– Politikken har vore å gje støtte til volumproduksjon – som me ikkje har føresetnad for. Det betyr at politikken også har vore at eit visst tal årleg skal ut av næringa, meinte Bartnes.

Han meinte det var betre å importere fôr, og heller gje direkte støtte til bønder for å halde kulturlandskapet ope.

– Slik vil me ikkje ha det! torna Furuberg. Ho slo fast trenden at folk tenkjer på helsa, og vil ha trygg mat.

– Småbrukarlaget vil ha jord i hevd, og fleire bønder for å produsere meir mat, sa ho.

Om ti år

Avslutningsvis blei debattantane utfordra til kvar dei trur norsk jordbruk er om ti år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har store moglegheiter, tufta på norsk gras og kron, som gjev trygg mat – i staden for importert kraftfôr, meinte Lundteigen.

– Ja til landbruk! sa Ingebrigt Steen Jensen.

Lars Petter Bartnes i Bondelaget såg føre seg at det ville bli fleire større einingar i sentrale strøk, og at marginale jordbruk i distrikta vil gro att. Norsk jordbruk vil framover framleis bli pressa på pris.

Per Sandberg trudde ein i løpet av ti år har stabilisert talet på bruk. Dei vil vera større. Han meinte også at mattryggleiken vil vera betre over heile verda. Men understreka at partiet hans vil at inga produktiv jord skal gro att.

– Om ti år vil det vera slik me vil ha det. Me vil ha sunn og sikker mat, og meir norsk mat, ønskte Ann Merete Furuberg i Småbrukarlaget.