Stadfestar at éin person er smitta av koronaviruset
Éin person sit nå i isolasjon i Tokke. Det er ingen indikasjon på lokal spreiing, informerer kommunen.
Tokke kommune stadfestar at éin person er smitta i kommunen.
«Ein person har testa positivt for covid-19. Vedkommande blei testa i Oslo-området tysdag 15. september. Vedkomande er busett i Tokke. Tokke kommune blei varsla om den positive prøva i dag torsdag 17. september ca. kl. 09.00. Personen er nå isolert i Tokke. Det er ingen indikasjon på lokal spreiing. Det pågår smittesporing. Førebels konklusjon er at vedkomande har blitt smitta i Oslo-området,» skriv ordførar Jarand Felland i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Vest-Telemark er det berre i Vinje kommune det tidlegare er registrert koronasmitta innbyggjarar.
Les også: