Posten melder flytting
Hauglid Engineering AS leiger i dag ut lokale til Posten Norge AS i Seljord. Nå vil verksemda byggje ny omdelingssentral på 700 kvadratmeter i Brunkeberg.
Eit ekstraordinært formannskap i Kviteseid skal i ettermiddag ta stilling til om kommunen skal gje stønad frå næringsfondet til bygging av ny omdelingssentral for Posten i Brunkeberg. Kommunestyret handsamar saka seinare i kveld.
Kommunen har motteke søknad frå eigedomsselskapet Hauglid Engineering AS, ved dagleg leiar Arnt Helge Hauglid. Dei vil setje opp eit 700 kvadratmeter stort bygg på tomta til Haugerød og Nilsen AS (H&N) i Brunkeberg. Prosjektet er kostnadsrekna til 7,8 millionar kroner pluss moms. Om utbyggjar får alt på plass vil dei starte arbeidet på tomta nå i mai. Byggjestart vil vere i sommar og bygget skal vere ferdig innan 2010.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vurderer fleire
Utbyggjaren har i vår gjeve Posten eit totalprospekt og føler dei har ein fordel framfor andre tilbydarar sidan dei leiger ut til Posten i Seljord i dag.
Posten signaliserte tidlegare i år at dei vil ut frå Seljord sentrum, mykje grunna utfordringane med store lastebilar i eit tett sentrumsmiljø. Dei ynskjer ei plassering nærare hovudvegen, og leigeavtala går snart ut i det lokalet dei nå held hus.
Posten stadfesta i februar at dei såg på ulike alternativ mellom anna i Brunkeberg, men at det ikkje var tatt noko avgjerd om kvar postomdelinga hamna.
Distribusjonssjef i Telemark, Øystein Aasheim, fortel til VTB at dei ikkje har tatt stilling til kor den nye omdelingssentralen skal vere.
Det blir tatt ei avgjerde i nær framtid, og det er 4-5 tilbydarar om beinet. Truleg veit me meir om eit par veker, seier Aasheim.
Ynskjer å støtte
I saksutgreiinga skriv rådmann i Kviteseid, Hans Bakke, at han ser prosjektet treng eit økonomisk bidrag frå kommunen for å bli realisert.
For kommunen er realiseringa viktig med tanke på å utvikle næringsområdet i Brunkeberg for transportrelaterte verksemder. På bakgrunn av dette er rådmannen positiv til å støtte søknaden med eit større beløp. Føresetnaden er sjølvsagt at det ligg føre ei konkret avtale mellom dei aktuelle partane om realisering av prosjektet, skriv rådmannen.
Mange arbeidsplassar
Utgangspunktet for prosjektet var at kommunen kunne tilby tomt for sentralen. Då det ikkje lot seg gjere, kom det fram i dialog mellomHaugerød og Nilsen as, utbyggjar og kommunen at Haugerød og Nilsen var viljuge til å avstå areal for ein eventuell sentral.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då får me profesjonelle næringsaktørar til ta på seg både drift og eigarskap av eit eventuelt bygg, utan at kommunen medverkar direkte. Sett frå kommunen sin ståstad er dette eit svært interessant prosjekt. Det er ikkje kvar dag det melder seg interessentar for å flytte 25 til 30 arbeidsplassar til kommunen, skriv rådmannen.
Han peikar også på at lokaliseringa er interessant og sentral rett ved E134 og Rv 41.
Sidan kommunen alt har lagt til rette for næringsetablering i området, og H&N si lokalisering er området svært interessant for vidare utvikling av transportrelaterte verksemder i tilegg til Posten. Slik sett bør ein alt i arbeidet med budsjettet for 2011 vurdere å setje i gang eit arbeid med å oppdatere og utvide reguleringsplanen for området, skriv rådmannen.
Har jobba for dette i tri år
Ordførar i Kviteseid, Torstein Tveito, seier at han har jobba for å få Posten til Kviteseid i tri år, og er glad for at det nå kan bli ei løysing.
Han kan ikkje seie noko om kva rådmannen vil tilrå politikarane torsdag.
Tilrådinga blir ikkje offentleg før formannskapsmedlemmene får den på bordet. Eg vonar me kan kome fram til ei løysing. Det har vore god dialog med investor, og me har sett på mange ulike område. Når me nå har funne ei tomt på eksisterande reguleringsplan på området til Haugerød og Nilsen, trur eg dette blir ei god løysing, seier Tveito.
Han fortel at kommunen er inne som katalysator mellom grunneigar og investor for å få dette på plass.
Å få etablert ein omdelingssentral i Brunkeberg vil vere eit næringstiltak kommunen vil nyte godt av på sikt. Det er signalisert mellom 25 og 50 arbeidsplassar, og det vil trekkje til seg folk, og eg er sikker på at Kviteseid skårar noko for å få fleire folk og auke innbyggjartalet. Plasseringa er også svært god og ei styrke med tanke på verksemda Haugerød og Nilsen som næraste nabo og serviceorgan, seier ordføraren.