Feira tunnelsiger med kake
Seljordingane feira med kake då det i går blei kjent at regjeringa vil fullfinansiere tunnelen mellom Århus og Gvammen.
I går blei framlegget til Nasjonal transportplan (NTP) lagt fram, men seljordingane var førebudd på dei gode nyheitene om tunnelprosjektet frå Gvammen i Hjartdal til Århus i Seljord.
Med dei lekkasjane som hadde kome kunne me bestille kake på førehand, smiler ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Regjeringa legg opp til fullfinansiering av prosjektet, og har sett av 400 millionar kroner i fyrste del av planperioden (2010-2013). Dette skal brukast til å kome i gang med prosjektet. 700 millionar kroner er sett av i siste del av planperioden.
Edvard Mæland har vore involvert i arbeidet med tunnelen i lang tid. Det har vore mange kampar, men no er han glad for at prosjektet endeleg blir prioritert i fyrste rekkje i NTP. Han trur ikkje det er noko fare for at Regjeringa går tilbake på tunnelprosjektet no, og set også stor pris på at det ikkje blir bompengefiansiert.
Så de er imponerte over den raudgrøne regjeringa?
Nei, imponerte er vel ikkje ordet, smiler høgrepolitikarane Sundbø Abrahamsen og Mæland.
Dei ventar at Vegvesenet brukar om lag eitt år på å planlegge prosjektet, og ventar at oppstart blir i 2012. Ordføraren håpar dei fyrste bilane kan køyre gjennom tunnelen i 2014. Ho ynskjer også å trekkje fram det gode samarbeidet med Hjartdal kommune i saka.
Me har køyrt løpet saman, seier ho om dei to kommunane.
Men sjølv om det var jubel og kake på kommunehuset, vil dei ikkje slappe av.
Nei, me kjem framleis til å presse på og sjå at planen blir fylgt opp i statsbudsjetta, seier Mæland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein fantastisk dag for Vest-Telemark
Regionordførar i Vest-Telemark, Olav Urbø (Sp), seier at det er fantastisk at bygginga av tunnelen Årshus-Gvammen på E 134 er på plass i Nasjonal Transportplan (NTP). Like eins er han særs nøgd med at nye tunnelar på E 134 over Haukelifjell kjem i planperioden.
Tunnelen mellom Århus i Seljord og Gvammen i Hjartdal på E 134 er kostnadsrekna til 1,1 milliardar kroner. Det er sett av 400 millionar kroner i første del av NTP-perioden, medan det kjem 700 millionar kroner i andre planperiode frå 2014.
Når det no kjem fortgang i planlegginga av nye Haukelitunnelar med sikte på byggjestart i 2014, er dette ei stadfesting av kor viktig E 134 er som heilårssamband mellom aust og vest, meiner regionordføraren.
Olav Urbø seier at dei store stamvegprosjekta på E 134 gjennom Vest-Telemark, vil gjere regionen meir attraktiv for både næringslivet og busettinga. Han er også nøgd med at E 134 vert lagt utanom Kongsberg sentrum.
Telemark har fått god uttelling i NTP-meldinga. Alle dei prioriterte prosjekta som vart lagt fram for samferdsledepartementet er komne med; Århus-Gvammen og Haukelitunnelar på E 134, firefeltsveg på E 18 i Bamle og Eidangertunnelen som sikrar at Telemark ikkje vert hekta av jernbanenettet.
Gjennomslaget me har fått syner at det er viktig å stå samla etter at ordskiftet er avslutta, og at semja er tilstades over tid. For fyrste gang har me klart det i Telemark, og NTP er eit lysande døme på at då får me også betalt, seier Olav Urbø.
Også ordførar Arne Vinje (SV) i Vinje delar gleda regionordførar Urbø gjev uttrykk for. Når Århus-Gvammen er på plass og nye Haukelitunnelar kjem utanom omlegginga i Kongsberg, meiner Vinje at E 134 får ei vesentleg styrking.
Eg ser at høgfartstog over Haukeli ikkje er nemnd. Det tyder at me framleis har ein jobb å gjere i Vest-Telemark, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ut av tunneltåka
Anja Hjelseth, Telemark Senterpartis stortingskandidat, jobba i fem veker tidlegare i år som politisk rådgjevar for samferdsleminister Liv Signe Navarsete. Hjelseth gler seg over at Telemark endeleg er ute av tunneltåka ved at Århus-Gvammen og Eidangertunnelen er inne i fyrste del av planperioden.
Nye Haukelitunnelar kjem til å sikre at det viktige aust-vest-sambandet slepp stenging eller kolonnekøyring om vinteren. I tillegg får me ein stor miljøgevinst ved å sleppe opp- og nedstigninga til Røldal, påpeiker Hjelseth, og nemner at fyrst må bompengefinansiering avklarast.
Rv 41 vert stamveg
Kva med rv 41?
I NTP kan ein lese at regjeringa ynskjer å omklassifisere rv 41 mellom Kristiansand og Brunkeberg til stamveg. Rv 7 gjennom Hallingdal, Hardangervidda og Hardanger vil også verte stemveg, men omklassifiseringa må opp som eiga sak i Stortinget.
På telefon frå Lisboa melder fylkesvaraordførar Lars Bjaadal (Sp) at heile fylkesutvalet som er på studietur, er svært glade for det gode gjennomslaget Telemark har fått for viktige samferdsleprosjekt.
Semje gjev resultat
NTP gjev tidenes samferdslelyft for Telemark. Det er all grunn til å vere godt nøgd slik NTP ser ut. For fire år sidan kunne me sjå langt etter prosjekt i Telemark. No står me samla i fylket om prioriteringane, og oppnår resultat, seier Bjaadal.
Fylkesvaraordføraren er overtydd om at tunnelen Århus-Gvammen vil få mykje positivt å seie for utviklinga i Vest-Telemark. Bjaadal vonar at ordskiftet om ekspressvegen no er parkert for alltid.
Rv 36 er ikkje nemnt i NTP. Der ligg det føre fleire prosjekt som skal bompengefinansierast mellom Seljord og Skien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utbetringa av denne stamvegen må me klare sjølv, og det vil me gjere, meiner Lars Bjaadal.
Også stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) frå Nissedal karakteriserer det som ein gledas dag at Århus-Gvammen-tunnelen vert realisert med ein snarleg byggjestart. Med dette prosjektet og Haukelitunnelar konstaterer Oppebøen Hansen at Telemark har fått gjennomslag for viktige prioriterte samferdsleutfordringar.
Framstegspartiets kommentar til NTP er at det dei kallar bomrana held fram. I ei pressemelding skriv Frp at det er provoserande at Regjeringa heller vil spele bort pengar på børs i utlandet enn å investere i infrastruktur i Noreg.