Vegfarande undra då det blei sett opp autovern som stengte for å kome inn på gåvegen nordfrå i Nissedal. Stengsla blei tatt bort, men no er utfordringa å kome seg inn på vegen frå andre enden. Vegvesenet jobbar med saka.
Vegfarande undra då det blei sett opp autovern som stengte for å kome inn på gåvegen nordfrå i Nissedal. Stengsla blei tatt bort, men no er utfordringa å kome seg inn på vegen frå andre enden. Vegvesenet jobbar med saka.

Sperrar gåvegen med autovern

Fyrst blei ein ny gåveg stengt med autovern i nordenden i Nissedal. Etter ei tid blei dette fjerna, men då kom det i staden autovern som stengte gåvegen i andre enden.

I rundt eitt år er det blitt jobba med sprenging, masseutskiftingar og utbetringar på riksveg 41 frå Kyrkjebygda og sju kilometer nordover. På strekningane der det er skifta ut masse, har det kome eit asfaltlag for nokre veker sidan.

Nede ved Nisser er det i samband med utbetringa opparbeidd ein smal veg frå Kyrkjebygda sentrum og nokre hundre meter nordover. Ved riksvegen ovanfor er det i haust sett opp fleire hundre meter med autovern. Då arbeidet blei avslutta i nordenden, viste det seg at autovernet blei svinga ned mot Nisser og dermed stengte for å kome inn på den nylaga gåvegen. Etter ei tid blei autovernet tatt bort slik at ein kunne kome greitt til på den smale ferdselsåra kloss ved vatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt lenger sør måtte ein gjere endring ved å lage opning i autovernet med tanke på at folk skal kome ned til ei bryggje ved vatnet. Endå lenger sør blei autovernet forlenga med ein del meter, og då mista ein moglegheita for å kome inn på gåvegen frå den kanten. Stenging i nord hadde blitt til stenging i sør. Kva skjer, undrar folk og vegfarande.

Forsterking

Edvard Straumsnes i Statens vegvesen fortel at platået som også kan brukast som gåveg, eigentleg er ei forsterking av fyllingsfoten ved riksvegen. Platået er planert slik at det går an å gå der, og dermed kjem ein innbyggjarane i møte om å ha ein bilfri strekning for dei.

– Dette er ikkje ein gang- og sykkelveg, og han vil ikkje bli brøyta eller asfaltert, seier Straumsnes.

– Kva kan ein kalle denne vegen? Ferdselsveg?

– Det er ei forsterking av fyllingsfoten, svarar Straumsnes.

– Dette er ikkje ein veg me bestemt kjem til å styre folk inn på. Det er heilt fritt å gå langs riksvegen, om det er lettare og betre, held han fram.

At folk kjem til å bruke den smale ferdselsåra like ved Nisser, reknar Straumsnes med vil skje.

– Men kvifor er gåvegen no stengt med autovern i sør?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må fyrst ta omsyn til tryggleiken, svarar Straumsnes.

Han legg til at Vegvesenet skal sjå på løysing der ein truleg forlengar vegen sørover nedanfor autovernet, mot Kyrkjebygda oppvekstsenter. Då vil ein kome ned til om lag der det nyoppsette autovernet sluttar.

Ferdigasfaltering

Me undrar elles på når den sju kilometer lange og utbetra riksvegen vil bli asfaltert ferdig.

Straumsnes svarar at det neste år vil kome eit avrettingslag og toppasfaltering på dei sju kilometerane. Men han kan ikkje no seie når det vil skje.

– Vil det neste år kome utbetringar på riksvegen sørover frå Kyrkjebygda mot Treungen?

– Eg kjenner ikkje til at det er pengar til dette, men kanskje kan det kome løyving i Nasjonal transportplan, svarar Straumsnes.

Stortinget vedtek ny Nasjonal transportplan før ferien neste år.