Jolemarknad til fjells
Både hyttefolk og bygdefolk tok turen innom Hallbjønnsekken på laurdagens jolemarknad.
– Dette er ein hobby eg har teke opp att no som eg er pensjonist. Eg dreiv litt med dette på slutten av 70-talet også. Men no lagar eg knivar att. Og i tillegg lagar eg belte med spenner og eg smir hengsler og slikt, fortel Knut Våmartveit.
Knivblad til Svalbard
Han fortel også at han har faste leveransar av knivblad til ein kontakt han har på Svalbard.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei er etter faste mål, og han brukar blada i det han kallar isbjørnkniv. Elles må eg vel seie at det eg likar best med knivlaginga og slira er arbeidet med lær. Trearbeidet, altså knivskaftet, er det eg kjedar meg mest med. Men trass alt er det godt å ha noko meiningsfylt å drive med som pensjonist, smiler han.
Tidsfordriv
Molter og strikka vottar er også å finne inne på høgfjellssenteret.
– Ein har god tid som pensjonist og når det var så mykje molter som i år så er det greitt å selje litt. Og så er eg veldig glad i handarbeid. Det er nyttig tidsfordriv, forklarer Tove Haugen.
Rui-jentene
På eit av dei andre borda i lokalet står det eit nydeleg måleri av Rui-jentene. Det er Hege Karin Kittilsen som har måla dei to systrene.
– Til vanleg bruka er akrylmåling, men i dette tilfellet bruka eg oljemaling. Og eg måla i svart og kvitt. Det har eg heller ikkje prøva før, men det var spennande. Ein må aldri la vere å prøve noko nytt, slår ho fast.
Gåveartiklar både i form av jolenissar og anna til interiøret fann ein på bordet til Unn Breivik og Skafså Hageland.
– Det er flott med denne marknaden her oppe. No har hyttefolk sjansen til å handle, og me får også vist oss litt fram, seier Breivik fornøgd.
Fisk og sirup
– Kald- eller varmrøykt aure?
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er Finn R. Lie som spør. Han har kjøpt inn aurefiletar som han røyker sjølv. I tillegg plukka han granskot i vår. Dei har han koka i timesvis og laga granskotsirup av.
– Det verkar førebyggjande på forkjøling, og har du fått i deg basseluskar blir du betre om du får i deg ei teskei eller to av dette stoffet. Eg brukar det så eg veit kva eg snakkar om, smiler han.
Breitt utval
Elles var det mogleg å kjøpe lefse og jolebakst. Og skulle du ha lyst til å gje miljøvenleg såpe eller krem til ein eller ei du kjenner, ja, så var det jammen mogleg det også.
– Alt er handlaga og heilt utan kunstige tilsetjingar, smiler Amanda Pettersen som er busett i Fyresdal.
– Så langt er me godt fornøgde med frammøtet. Det ser ut til at både hyttefolk og lokale er innom. Det er god kvalitet på varene og det er eit godt utval av forskjellige nyttige ting, seier Malene Skonnord Lindberget, som saman med Peter Olsson driv kafeen og utleigedelen på Hallbjønnsekken.